Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Barnehagar Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Hovudopptak i barnehagar 2018 - Søknadsfrist 14. februar 2018

¤EPII_TITLE¤

Det kan no søkjast på ledige plassar i barnehagane i Sykkylven kommune for opptak hausten 2018. Alle barn som er fødd før 1. desember 2017 har lovfesta rett til plass, dersom ein søkjer innan fristen for hovudopptaket. Det er samordna opptak for private og kommunale barnehagar.

Søknadsfrist: 14. februar 2018

NB: Søknadsfristen er tidlegare enn vanleg, fordi det er gjort vedtak om å legge ned ein kommunal barnehage. Det er viktig at søkjarane fyller inn mange prioritetar (barnehagar) i søknaden. Dersom ein søkjar har 1. prioritet på den barnehagen som vert nedlagt, vil 2. prioritet telje som 1. prioritet. Endeleg handsaming av hovudopptaket vert truleg 22. mars. Søknadar som kjem inn etter 14. februar vil ikkje bli handsama i hovudopptaket, men ved supplerande opptak i etterkant.

Elektronisk søknadsskjema finn de til høgre på sida.  Dersom de har spørsmål eller treng hjelp til utfylling av skjema kan de ta kontakt med Servicetorget (tlf 70 24 65 00).

Desse må søkje:

· Barn som ikkje har barnehageplass

· Barn som står på venteliste no

· Barn som har plass, men ønskjer å bytte barnehage

Foreldre/føresette som har barn (søsken) som ikkje går i same barnehage, har rett til å søkje om «søskensamanslåing». Desse søknadane skal handsamast i forkant av hovudopptaket. Søknadsskjema for dette kan hentast på Servicetorget eller i den enkelte barnehage.


(17.01.2018)

Info 
Web Redaktør 13.02.2018 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Relaterte - alle gruppert [2] 
Rediger 
Uten navn [4]