Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Varslingstest - fjellskred.

¤EPII_TITLE¤ Åknes/Tafjord Beredskap iks (ÅTB) har på vegne av kommunane langs Storfjorden ansvaret for befolkningsvarslinga ved ei eventuell fjellskredhending. ÅTB skal no teste systema, som er ein del av fjellskredberedskapen til kommunane.
Torsdag 19. april mellom kl 15.00 og 15.30, vil ÅTB teste desse befolkningsvarslingsystema.
Dette vil innebere at om du har registrert telefon på ei adresse i, eller oppheld deg i ein kommune ved Storfjorden, vil du få ei melding eller oppringing til din telefon.

I tillegg vil du kunne høyre at sireneanlegga rundt fjorden blir testa. Dette gjeld sireneanlegg i Stranda, Norddal, Stordal og Ørskog kommune.

Det vil være mogelegheit for å gi oss tilbakemelding om testen gjennom ei spørjeundersøking. Denne finn du på www.aknes.no eller på link på kommunen sine heimesider.

Vi oppfordrar om å informere barn om denne testen på førehand.

Kommunane rundt Storfjorden er opptatt av å ha ein god beredskap dersom det skulle oppstå ei naturkatastrofe, og det er derfor viktig å teste systema. Vi håper alle innbyggjarane har forståing for dette.

ÅTB vil poengtere at det ikkje er noko endring i bevegelsane i fjella. Og at geologane vil kunne varsle i god tid før et eventuelt skred blir utløyst.

Dersom du har spørsmål om varslingstesten kan du ta kontakt med Åknes Tafjord Beredskap IKS post@aknes.no / 92251691
Info 
Skjeret, Torill Olin 12.04.2018 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]