Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Kommuneleiinga Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Eigedomsskatt år 2018

¤EPII_TITLE¤

 

Det er eigedomsskatt i år 2018

Som sak 80/17 - 12. desember 2017, gjorde kommunestyret slikt vedtak:

 

Det vert innført eigedomsskatt for år 2018.

 

Heimel for vedtaket er eigedomsskattelova §§ 2 og 3

I medhald av eigedomsskattelova § 3 skal følgjande utskrivingsalternativ nyttast for skatteåret 2018.

 

§ 2 g) faste eigedomar i heile kommunen, unnateke verk og bruk og annan næringseigedom.

 

Skattesatsen er 2 promille, jf. eigedomsskattelova § 13. Det vert innført eit botnfrådrag på kr 2.200.000 i eigedomsskatten for alle sjølvstendige bustaddelar i faste eigedomar som ikkje vert nytta i næringsverksemd.

 

Eigedomsskatten skal betalast i to terminar, jf. eigedomsskattelova § 25.

 

Ved taksering og utskriving av eigedomsskatt nyttar kommunen tidligare vedtekne Skattevedtekter, jf. eigedomsskattelova § 10.

 

For primærbustader skal formuesgrunnlag frå Skatteetaten nyttast der slikt er fastsett.

 

 

 

 

 

Som det står i vedtaket er formuesgrunnlag frå Skatteetaten nytta, der slikt ligg føre.  Formuesgrunnlag kan bli endra kvart år.  Eigedomar utan formuesgrunnlag er takserte.  Denne taksten vert ståande i 10 år.

 

Botnfrådrag er gitt med kr 2 200 000 for kvar sjølvstendig bueining/bustaddel.

 

Utskrive skatt under kr 50 vert ikkje kravd inn, jf esktl § 14

 

Skatteseddel er sendt ut.  Skattesedlane vert sendt ut via KS-svar ut, slik at dei som har samtykka til elektronisk kommunikasjon med det offentlege, vil få skatteseddelen via Altinn, Digipost eller tilsvarande.  Andre vil få skatteseddel som papirpost. 

 

Skattelista er i tillegg lagt ut på kommunens servicetorg.

Info 
Web Redaktør 22.06.2018 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Relaterte - alle gruppert [2] 
Rediger 
Uten navn [4]