Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Kommuneleiinga Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Sykkylven kommune søkjer senior utleiebustadar med sentral beliggenheit for tildelingsavtalar

Det vert vist til tidlegare kunngjering får Sykkylven kommune ref. Doffin 161992 2018/803. Ny utlysing gjeld berre endring av tal utleiebustadar frå opprinneleg 6-10 leilegheiter til 6-20 leiliegheiter, då kommunen ser eit større behov.  

Sykkylven kommune ønsker i samarbeid med Husbanken å kunne inngå tildelingsavtalar på nye bustadprosjekt  for seniorar med ein eller fleire profesjonelle utleigeaktørar. Bustadprosjektet må ha sentral beliggenheit i Sykkylven.

Kommunen har i første omgang behov for 6-20 stk. 3 roms leilegheiter (ca 60-70 kvm).

Tildelingsavtaler gir Sykkylven kommune rett til å tildele bustadsøkarar leige av alle leilegheitene i prosjektet.  Det kan tilbys leilegheiter i fleire prosjekt, og utbyggjar må sjølv skaffe tomt. Beliggenheit og planar for utvikling av tomta må synast på situasjonsplanen.  Ved nybygg, ombyggingsprosjekt og kjøp av eksisterande bustadar, kan Husbanken gi grunnlån til prosjektet. Meir informasjon om lån og avtaletyper på www.husbanken.no og www.veiviseren.no.

I val av prosjekt vil kommunen leggje særleg vekt på husleigenivå, sentrumsnær beliggenheit, ferdigstillingstidspunkt, grad av universell utforming og energieffektivitet. Det er også viktig at det er utarbeidd ein plan for forvaltning av bustadane.

Ny tidsfrist: 15. oktober 2018 kl 12:00

Er du interessert må du henvende deg skriftleg til vår konsulent, Bustadselskapet innen 15.10.18 kl 12:00. Send e-post til dagleg leiar i Sykkylven Bustadselskap as Vidar Nakken: vidar@bustadselskapet.no

All innsendt dokumentasjon vil bli behandla konfidensielt fram til eventuell avtale er inngått.

Ta kontakt for meir informasjon:

Sykkylven Bustadselskap as ved dagleg leiar Vidar Nakken: tlf. 902 03 240, vidar@bustadselskapet.no

 

(Publisert 22.6.2018 - redigert 03.10.2018) 

Info 
Web Redaktør 03.10.2018 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]