Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Kommuneleiinga Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Viktig informasjon til våre leverandørar - elektroniske fakturaer frå 01.09.2018

Frå 1.1.2015 vart kommunane pålagt av Staten å ta imot faktura elektronisk i standardformatet Elektronisk handelsformat (EHF)

 

Frå regjeringa si pressemelding 19.03.2013:

…. og leverandørene på sin side blir pålagt å sende sine elektroniske faktura på det samme formatet. Kravet vil gjelde fra 1. januar 2015.

 

Sykkylven kommune har i lengre tid motteke elektroniske faktura (EHF-format) frå ei rekke leverandørar.

 

Frå 01.09.2018 vil vi krevje dette frå alle våre leverandørar.

Kva er EHF-faktura?

 

EHF står for elektronisk handelsformat og er eit standardisert format. Ein elektronisk faktura er ein faktura som vert overført elektronisk frå seljar til kjøpar utan manuell behandling. Overføring av fakturafilene skjer via aksesspunkt, ein meldingsformidlar som har ein avtale om formidling av dokument på ein standardisert måte, til andre aksesspunkt.

 

Kva må du som leverandør gjere for å kunne sende EHF-faktura?

Du kan produsere faktura i EHF-format i eige fakturasystem eller nytte nettbasert fakturaportal. Fakturaportal er ei enkel løysing der ein opprettar faktura på nett og sender dei til kjøpar via aksesspunkt. Mange bankar tilbyr denne tenesta gjennom nettbank.

 

For meir informasjon :

https://www.anskaffelser.no/leverandorer/slik-moter-du-det-offentliges-krav-til-digitalisering/faktura-og-kreditnota

 

Fakturainformasjon:

·         Sykkylven kommune sitt org.nr. er 964980365 Det er dette som er den elektroniske fakturaadressa.

·         Referanse: Namnet til bestillar eller driftseininga (eks. barnehage, skule, osv.)

·         Faktura sendt som vedlegg til e-post vert ikkje rekna som elektronisk faktura og vert ikkje godteke.

·         Papirfaktura vil ikkje bli akseptert etter 01.11.2018 og vil bli returnert. Frå 01.01.2019 vil ev. papirfaktura ikkje bli returnert og heller ikkje behandla.

·         Eventuelle vedlegg må fylgje fakturaen i EHF.

·         Sykkylven kommune har standard betalingsvilkår på 30 dagar frå fakturadato.

 

Eventuelle spørsmål kan rettast til økonomiavdelinga i Sykkylven kommune, tlf 70 24 65 00.

 

Info 
Web Redaktør 02.08.2018 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]