Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Nye bustadareal

¤EPII_TITLE¤ Ny kommunedelplan for sentrum-Ikornnes foreslår 177 dekar til nye bustadareal.

Saman med omlag 100  dekar byggeareal frå tidlegare plan, som enno i ikkje er tatt i bruk, gir dette ein  god arealreserve for framtida.

Kommunen legg på denne måten til rette for ny utbygging. Grunneigarane avgjer når areala vert lagt ut for sal.

Plassering av nye utbyggingsområde for 10-12 år fram i tid kan vere konfliktfylt. Ulike sider ved forslaga er vurdert i ei eiga konsekvensutgreiing. Særleg tilhøvet til jordvern er utfordrande slik planforslaget er utforma.  Negative folketalsprognosar har gjort at Nærings- og utviklingsutvalet (NU) har lagt stor vekt på høvet til ny busetting i planforslaget.

NU har vedtatt å legge planforslag ut til høyring. Etter høyring vil alle merknadar bli vurdert, og NU kan vedta endringar i planen. Til dømes kan enkelte områder bli tatt bort grunna nye vurderingar eller motsegner  frå offentlege instansar.  Ved vesentlege endringar må planen leggast ut til ny høyring.

Les plandokumenta og sei di meining til kommunen innan høyringsfristen, som er 29.oktober 2018. Send til postmottak@sykkylven.kommune.no

Info 
Web Redaktør 03.10.2018 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]