Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Kommuneleiinga Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Er du førebudd?

¤EPII_TITLE¤ For å styrke beredskapen i samfunnet oppmoder DSB alle om å vere budd på å klare seg sjølv i tre dagar. Denne veka får du ei brosjyre i posten med konkrete forslag til kva du bør ha i hus.
Kva gjer du viss straumen skulle bli borte i flere dagar, mobilnettet slutte å virke, eller det ikkje er vatn i kranen.
Sjølv om Norge er blant dei tryggaste landa i verda, og alt tyder på at vi også vil vere det i tida som kjem, er det lurt å vere budd dersom noko uføresett skulle skje.
Dei grunnleggande behova som må dekkast dei første tre døgna under ei krise, er varme, drikke, mat, legemidlar, hygiene og informasjon. I brosjyren som du får i postkassa i desse dagar, og på sikkerhverdag.no. finn du konkrete forslag om kva du alltid bør ha i heimen din.

Du er ein del av Norges beredskap
I haust har DSB, i samarbeid med Oslo kommune, lansert kampanjen "Du er en del av Norges beredskap". Hensikta er å styrke bevisstheita og kunnskapen om eigenberedskap i befolkninga.
Hovudinnhaldet i kampanjen er konkrete råd om kva folk kan gjere for å bu seg best mogleg hvsi noko skulle skje med kritiske samfunnsfunksjonar - som straum, mobilnett, internett, transport, vatn og avløp.
-Vi ber deg tenke gjennom kva som kan skje der du bur, korleis du og dei rundt deg kan bli ramma og korleis de kan handtere det. Ver førebudd på at du og familien din skal klare dykk sjølve i minst tre dagar, seier direktør i DSB, Cecilie Daae.

Kvifor kampanje no?
DSB si befolkningsundersøking viser at innbyggarane er lite budd på ei krise der mange mister straum eller vatn, eller om det skulle bli vanskelegare å få tak i nødvendige varer.
Norge er eit sært trygt land, med vi også kan bli ramma av naturhendingar, ulykker, sabotasje, tekniske problem, terror, sikkerheitspolitisk krise eller krig. Sjølv om sannsynet for at du blir ramma er lav, er det lurt å vere førebudd. Ofte er det ikkje mykje som skal til. Mange av oss har allereie ein god del av det vi treng for å klare oss sjølve i nokre dagar.
-Når samfunnet vert ramma av ei stor hending eller krise, må hjelpa først ut til dei som treng det aller mest. Di fleire av oss som er i stand til å ta vare på oss sjølve og hjelpe dei rundt oss ved ei hending, di betre rusta står vi som samfunn, seier Daae.

Info 
Skjeret, Torill Olin 03.12.2018 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]