Oppstart av BAPP-grupper i januar 2019
BAPP er eit førebyggande
gruppetilbod (leike- og snakkegrupper) for barn i alderen 8-12 år der ein eller
begge foreldre har psykiske problem og/eller avhengighetsproblematikk. Det er
planar om oppstart av ny gruppe i januar 2019.
Når foreldre slit med psykiske problem /
rusproblem, kan det vere mange utfordringar med å vere barn. BAPP-grupper er eit tiltak som skal hjelpe til med å styrke borna. Viktige mål er å
hjelpe borna med å meistre og å finne ressursar. Eksempel på dette kan vere å
lære å seie frå, be om hjelp og søke hjelp hos familiemedlem, lærarar, naboar
eller andre dei kjenner tillit til. Barna blir styrka av å møte andre barn i
liknande situasjonar og ved å sjå at dei ikkje er åleine om dette problemet.
Dei lærer å snakke om vansklege kjensler og opplevingar samtidig som dei kan
dele positive opplevingar og vere i eit fellesskap.
Barnegruppene møtast totalt åtte gonger på
ettermiddagstid. Her blir det fulgt eit strukturert opplegg, med rollespel,
leik, læring og heimeoppgåver. Barna deler opplevingar med kvarandre, eter mat
og leikar saman. I tillegg vil det vere to foreldresamlingar og ei
gjensynssamling for barna etter 2-3 månader.
Ynskjer du at ditt barn skal vere med i
BAPP-gruppe, eller ønskjer du meir informasjon, ta kontakt på mail: BAPP@sykkylven.kommune.no.