Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Barnehagar Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Tilbod om gratis buss for barnehagane

Barnehagane kan no ta med barna på  gratis reise med FRAM-bussane mellom klokka 09.00 og 13.00 alle kvardagar. Ordninga tok til å gjelde frå 1. januar. Vaksne betalar vanleg billett for bussen.

Seksjonsleiar Konrad Lillevang i Møre og Romsdal fylkeskommune meiner at dette er ei god muligheit for barnehagane til å kome seg lengre ut på tur utan at det går utover økonomien. Han gjer merksam på at dersom bussen må ta ferje eller passere gjennom bom på turen, så må ein betale for dette. Han presiserer også at dersom barnehagen planlegg å reise på busstur med ei større gruppe, så skal dette meldast inn til FRAM kundesenter seinast klokka 12 dagen før. Dette for å sikre at det vert nok plass både til barnehagebarn og andre passasjerar. Meldinga kan skje via kontaktskjema på frammr.no eller ved å ringe 71 28 01 00.

Info 
Web Redaktør 29.01.2019 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]