Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Kommuneleiinga Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Saka om sparebankbygget

Det er stilt spørsmål om kvifor rådmannen tilrådde å kjøpe sparebankbygget. I desember 2018 kom det ei lita opning for at Sykkylven kommune, på visse vilkår kunne få kjøpe bygget. Sjølv med positivt svar var kommunen ikkje garantert å få kjøpe sparebankbygget.

Som rådmann kunne eg ha konkludert med at dette ikkje var noko å arbeide vidare med. Mi vurdering var at dette var eit sentralt og godt bygg, som ikkje ofte er tilgjengelig for kjøp. Svarfristen var veldig kort, berre to dagar, men samtidig var dette ei sak kor politikarane burde få seie sitt. Kommunestyret vart kalla inn på svært kort varsel.

 

Det hadde sjølvsagt vore mykje enklare for alle partar om dette bygget låg opent ute for sal og kommunen kunne kjøre ein open prosess i ro og mak. Slik var det ikkje. Av forretningsmessige omsyn var dei eit krav i frå seljar at saka måtte vere unntatt offentlig innsyn.

 

I forkant av denne saka hadde kommunen annonsert etter lokale til kommunalt legesenter jf. politiske vedtak.  Bankbygget, midt i Sykkylven sentrum, med enkel tilkomst, apotek, gode parkeringstilhøve m.m. gjorde at ein vurderte dette bygget til å være gunstig. Ut i frå ei samla vurdering såg rådmannen at dersom ein fekk samla fleire av fagområda innan helse og omsorg i dette bygget kunne det ha fleire positive sider, både økonomisk og med omsyn til å skaffe meir tiltrengte areal.

 

Eg forstår godt at det kan være vanskelig å ta ei avgjerd på så kort tid, og at ein gjerne skulle hatt meir informasjon i forkant, enn kva vi rakk å få til. Rådmannen valde å forsøke, på dei få dagane vi fekk, å få fram så mykje informasjon som var mogleg og slik gje politikarane best mulig grunnlag for å gjere eit vedtak.

 

Mitt ansvar er å utgreie og legge fram saker til politikarane. Dei fattar vedtak og vi gjennomfører vedtaka.

 

 

May-Helen Molvær Grimstad

Rådmann

Info 
Web Redaktør 01.02.2019 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]