Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Kommunereforma

¤EPII_TITLE¤ Kommunestyret vedtok den 20.juni 2016 at Sykkylven vil halde fram som eigen kommune.
Protokoll frå kommunestyremøtet:

PS 36/16 Kommunereforma - Framtidig kommunestruktur for Sykkylven
Saksprotokoll frå møtet i Kommunestyret - 20.06.2016

Behandlingsinformasjon:
Samfunnsplanleggjar Njell Hoftun synte presentasjon og orienterte. Saka vart drøfta.

Arbeidarpartiet v/ Hans Petter Sørensen la fram slikt forslag til vedtak:  Sykkylven kommune held fram som eigen sjølvstendig kommune.

Synnøve Ramstad (H) la fram slikt forslag til vedtak:  Sykkylven kommunestyre går for Regionkommune Ålesund.

Steinar Myrseth (H) la fram forslag om skriftleg avrøysting i saka. Rådmannen synte til Kommunelova § 35 og opplyste at det ikkje kan nyttast skriftleg avrøysting i denne saka.

Rolf Bergmann (FRP) bad om gruppemøte etter debatten.

Gruppemøte frå kl. 15:50 til 16:00.

Rolf Bergman, Håkon Emdal og Magnar Gjerde (FRP) la fram slikt forslag til vedtak: Samanslåing mellom Stranda og Sykkylven kommune.

Avrøysting:

Alternativ 1:

AP sitt forslag – Sykkylven kommune held fram som eigen sjølvstendig kommune.  17 røysta for alternativ 1 og 12 røysta i mot.

Alternativ 2:

Ramstad sitt forslag – Sykkylven kommunestyre går for Regionkommune Ålesund.  9 røysta for alternativ 2 og 20 røysta i mot.

Alternativ 3:

Bergman/Emdal/Gjerde (FRP) sitt forslag – Samanslåing mellom Stranda og Sykkylven kommune.   3 røysta for alternativ 3 og 26 røysta i mot.


Vedtak:

Sykkylven kommune held fram som eigen sjølvstendig kommune.



Følgjande dokument er utarbeida i løpet av prosessen:

Kommunefakta, prosess og vurdering av alternativ
          Vedlegg til politisk sak til kommunestyret 20.juni 2016

Innbyggarhøyring om kommunereforma , mai 2016
         
Intensjonsavtale Stranda og Sykkylven kommune, 2016

Intensjonsavtale Regionkommune Ålesund, 2016

Innformasjonsbrosjyre om reform og alternativ for Sykkylven, til innbyggarane april 2016.

Tenesteproduksjon - Synspunkt frå einingsleiarar, mai 2016

Spørreundersøkingar  – Samanstilling av resultat frå tre ulike innbyggarundersøkingar i Sykkylven 2015

Regionkommune Ålesund (Sunnmøre regionråd) rapport 2015

Alternativ Indre Storfjord, rapport 2015

Sykkylven som eigen kommune, notat 2015

Resultat verkstadmøte Sykkylven kommunestyre mars 2015

Oppvekst, tilhøyrigheit og kommunereform. Ungdomsundersøking Sykkylven kommune 2015

Næringslivet og kommunereforma. Sykkylven 2015

Informasjonsbrosjyre om reform og prosess til innbyggarane august 2015 

Andre grunnlagsdokuent:

Innbyggarundersøking Sykkylven 2015

Kommunebilde for Sykkylven, Fylkesmannen 2015





INNBYGGARHØYRING

Resultatet frå innbyggarhøyringa vert publisert 6.juni kl 09.00.

Formannskapet vedtok dette 23.mai. Grunn for publiseringsdatoen er omsyn til Stranda kommune si innbyggarhøyring som skjer første veka i juni.


Sykkylven kommune gjennomførte innbyggarhøyring første veka i mai.

Alle innbyggarar over 16 år fekk tilsendt spørreskjema og informasjonsbrosjyre om alternativa for Sykkylven.Kommunestyrer ønsker innbyggarane sitt råd i reformspørsmålet.


Informasjonsbrosjyre om reforma finn du her: Kommunereforma inforbrosjyre april 2016


FOLKEMØTE I APRIL 


Det vart halde folkemøte om reforma og intensjonsavtalane onsdag 27.april (kulturhuset) og torsdag 28.april (Tandstad skule).
Tilsaman møtte mellom 130 og 140 personar på møta.

I møta vart reforma og intensjonsavtalane gjennomgått, og deretter var det open diskusjon.

Presentasjon frå Sykkylven kommune finn du du her:  Folkemøte Sykkylven kommune  
Presentasjon frå Sunnmøre regionråd finn du her:  Folkemøte Sunnmøre regionråd 





INTENSJONSAVTALAR

Intensjonsavtale for Stranda og Sykkylven kommune vart signert 17.mars 2016. Avtalen finn du her.

Intensjonsavtale for Regionkommune Ålesund vart signert 18.mars 2016. Avtalen finn du her.

Sykkylven kommune sitt tredje alternativ er å halde fram som eiga kommune.


Enedeleg vedtak vert gjort i kommunestyre 20.juni.

Før den tid skal innbyggarane høyrast. 30.mars avgjer kommunetyret om dette skal gjerast som ei folkerøysting eller som ei utvida innbyggarhøyring. Rådmannen si tilråding er ei utvida innbyggarhøyring der alle innbyggarane over 16 år vert personleg invitert til deltaking. Meir om medverknadsmåte les du i saka til kommunestyret her.

Før røysting/høyring skal det informerast på ulike måtar om dei alternativa Sykkylven kommune har.


Under er det lagt inn lenker til viktige dokument i prosessen:

NYTT INNTEKTSSYSTEM
Regjeringa la like før jul 2015 framlegg til nytt inntekssystem for kommunane ut til høyring. Forslaget inneber ei innstramming for små kommunar, og ei omlegging av basistilskotet som kan få stor effekt for Sykkylven kommune. I løpet av januar er det venta at KS vil legge fram ei vurdering av dei samla effektane av systemet for kommunane.
Lenke til høyringsnotatet:
 
Framlegg til nytt inntektssystem for kommunane

KS har vurdert forlsaget, og vurdert effektane i eit eige notat. Verknaden for den einskilde kommune i Møre og Romsdal finn du her.  
Forslaget inneber at Sykkylven kommune vil tape mellom 6,5 - 7,5 millionar pr år. Over tid, vel og merke. Endringar vert ikkje innført over natta. Først i 2017 skal det nye inntektssystemet vedtakast. Det er såleis usikert kva det endeleg resultatet blir.
Justert forslag vart lagt fram siste veka i april. Dette forslaget halverer tapet for Sykkylven kommune til ca 3,2 mill.

Nye oppgåver
I vår la regjeringa fram stortingsmelding nr 14 (2014-2015) om nye oppgåver til større kommunar.Meldinga gav kommunane ein del nye forvaltingsopgåver, fleire oppgåver skulle utgreiast vidare, men generelt var det lite overføring av reell mynde som låg i meldinga. Kort oversikt over nye oppgåver: Nye oppgåver
Fotograf: Web Redaktør   Lenke til: Oppgåvemeldinga


INNBYGGARUNDERSØKINGAR I 2015

Innbyggarundersøkingar i Sykkylven 2015 - Samanstilling av resultat frå eiga undersøking, ungdomsundersøkinga ved Sykkylven vgs og regionundersøkinga.

Innbyggarundersøking Sunnmøre 2015 - Sentio AS for Sunnmøre regionråd.

Spørreundersøking Sykkylven vidaregåande skule




Regionkommune Sunnmøre - Inntil  13 kommunar på nordre Sunnmøre
    Sluttrapport
    Sluttrapport med vedlegg

Indre Storfjord - Sykkylven, Stranda og evt. Stordal og Norddal
    Rapport frå verkstadsamling for formannskapa, aug. 2015

Sykkylven uendra (Null- alternativet)
    Notat okt. 2015

Analyseresultat frå kommunestyret for alle tre alternativa, truslar og moglegheiter.



Innbyggarbrosjyre august 2015


Sunnmøre regionråd organiserte regionkommuneprosjektet. 13 kommunar har delteke i prosjektet. Sluttrapport vart lagt fram i august.

Sykkylven kommune inviterte naboane i Indre Storfjord til drøftingar. Med god hjelp frå Sunnmøre regionråd vart det i august gjennomført ei verkstad-samling for formannskapa i kommunane, der ein analyserte fordelar og ulemper med dette alternativet. Rapport vart lagt fram i september. 

I samarbeid med Sykkylven vidaregåande skule gjennomførte kommunen i vår ei spørreundersøking blant alle elevane ved skulen om oppvekst, tilhøyrigheit og kommunereform.

I august gjekk ordføraren ut med ei eiga informasjonsbrosjyre om reforma fordelt til alle husstandar.

----

Regjeringa sitt mål med kommunereforma er større og meir robuste kommunar som kan handtere notidas og framtidas utfordringar og oppgåver.

Kommunane skal sjølv kome fram til om, og eventuelt kven, dei vil slå seg saman med. Gjennom medverknad og demokratiske prosessar skal dei endelege vala vere best mogleg lokalt forankra. 


TIDSPLAN
Reforma har ein stram tidsplan. Prosessen har tre faser:

1. Oppstartsfase
Innan 31.12.2014 skal kommunestyra ha gjort vedtak om oppstart og organisering.

2.Utredningsfase
I løpet av 2015 skal kommunane utgreie ulike alternativ. Det skl leggast vekt på stor grad av medverknad i denne fasen.

3. Avgjerdsfase
Innan 30.april 2016 skal alle kommunestyra ha handsama sak om kommunereforma. Vedtak skal sendast fylkesmannen innan 1.juli 2016. Stortingshandsaming av ny kommunestruktur skal så skje i juni 2017.


LOKAL PROSESS    

Formannskapet er styringsgruppe for prosessen lokalt. Første del av prosessen er prega av utgreiingsarbeid og medverknadstiltak. I løpet av mars/april legg vi opp til fleire innbyggarmøte.  


INFORMASJON 
Les om bakgrunn for reforma, rapportar, osb. på nett:

Regjeringa har oppretta ei eiga heimeside om kommunereforma  www.kommunereform.no
Sida www.nykommune.no er eit utredningsverktøy for samanslåing av kommunar.
Både Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Distriktssenteret har også eigne  temaside om kommunerefroma.
Sunnmøre regionråd er eit regionalt samarbeidsorgan som er engasjert i kommunereformprosessen. Rådet gjennomførte ei innbyggarundersøking om kommunereforma i september 2014.


 

Info 
Web Redaktør 18.07.2016 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]