Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Kommuneleiinga Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Fjøre til fjells 2015

¤EPII_TITLE¤ 12 spennande turmål er valt ut, og dei nye fjølene med bokstavkoder blir sett ut på dei enklaste turmåla til 4.mai.
Dei resterande fjølene blir deretter sett ut så snart forholda tillet det .
I år har vi fått laga nye fjøler/stolpar av frivillege på Fønixhuset. Vi takkar so mykje for hjelpa.

Turorienteringa «Frå fjøre til fjells – 2015» startar oppatt måndag 4.mai. Vi gjentek for 6.gong i år.

Turmåla er også i år spreidde geografisk i bygda og med ulik vanskegrad. I år har vi valt å ta oppatt nokre turar frå tidlegare også.
Vi vonar at like mange deltek i år også, for å gå ut på tur, leite etter fjøler med kodar- og oppleve nye flotte plassar i kommunen vår.
Og sist, men ikkje minst; turar i friluft gjer godt for kropp og sinn =)!

Turkorta blir lagt ut for sal ved butikkane Intersport og Sport 1 i Sykkylven til laurdag 02.mai. Prisen er som tidlegare: 100,- pr.person / 250,- pr.familie.

Vi avsluttar og tek ned fjølene når haustferien til skulane er slutt.

Finn du minst 6 fjøler m/kode er du med på premietrekking fredag 23. oktober på Sykkylven kulturhus.

Stadnamn og enkel turbeskriving står på turkorta du kjøper.

Turmåla i år er:

Vellingsneset – grøn tur

Hovdeåsen – grøn

Klipe (Sunndalen) – blå

Fagrefjellet – grøn

Kleivdalsvatnet – blå

Trompen (Ramstaddalen) – raud

Lysholsætra – grøn

Borgundkollen – blå

«Heggene» (Myrdalen) – grøn

Grønevatnet (Gimsdalen) – blå

Straumsbotnen – grøn

Geita (Fet) - raud



Folkehelsekoordinator Lars Petter Vemøy vil på vegne av fjølkomiteèn ynskje alle som deltek God tur!

Info 
Web Redaktør 29.04.2015 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]