Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblinger Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Tore Utgård heidra med Kulturprisen for 2014

¤EPII_TITLE¤ Kulturprisen for 2014 går til ein av dei aller fremste ildsjelene i kommunen. Tore Utgård har i over 30 år arbeidd med å bygge opp eit av regionens flottaste skianlegg – Sunnmørsalpane Arena – Fjellseter. Han har lagt ned ein lang og stor administrativ og praktisk innsats for å bygge opp og drive senteret. 

 


Utgård har hatt ei sentral hand i alle spelemiddelprosjekt og alle dei største investeringane til laget.
I dag står Sunnmørsalpane Arena – Fjellseter fram som eit moderne anlegg med alle nødvendige fasilitetar.
Sjølv den siste utbygginga med Lysløypa på Fjellseter – eit samarbeid mellom Friluftssenteret, Ski-Nordisk laga og Sykkylven kommune – er Utgård sentral i arbeidet med finansiering og spelemiddelsøknadane.
T
ore Utgård har hatt evne til å få andre med seg i laget og vore ein samlande person. Sjeldan har han framheva seg sjølv eller sin eigen innsats.

Dette, i tillegg til sin faglege bakgrunn, har han over lang tid medverka til at skisenteret på Fjellsetra har blitt eit av dei mest veldrivne og familievenlege i regionen.

Prisen er eit DIPLOM og ein sjekk på kr. 15.000

Vi gratulerer!

Info 
Web Redaktør 05.05.2015 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]