Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Tekniske tenester Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Deltidsmannskap i brann- og redningskorpset

¤EPII_TITLE¤

Vi har ledige stillingar som brannmannskap deltid.
Desse skal ta del i utrykkingsteneste som røykdykkarar og sjåførar. Den som vert tilsett må avklare med hovudarbeidsgjevar at det vert gitt fri ved opplæring og tilkalling.

Det vert stilt følgjande krav til søkjarane:

- bustad og arbeid i nærleiken av brannstasjonen grunna krav til utrykkingstid.
- alder mellom 20 og 40 år.
- bestå fysisk og medisinsk test årleg.
- krav til kompetanse og plikt til å gjennomføre grunnkurs deltid.
- førarkort kl. B og disponere bil.
- gode norskkunnskapar.
- ordinær politiattest.
- prøvetid på 6.mnd.

Det er ønskjeleg at søkjarane har kompetanse innan brannvern og/eller anna fagkompetanse. Nødvendig opplæring vil bli gitt.
Det er også ønskjeleg med førarkort kl. C.
Kvinner vert oppmoda om å søkje.
Løn i samsvar med avtaleverk.

Brann- og redningskorpset kan tilby ny brannstasjon med særs gode arbeidsforhold. Oppdatert og godt utstyr. Spennande og allsidige arbeidsoppgåver, godt arbeidsmiljø og god kompetanseutvikling.
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar som samarbeidsevne og positiv innstilling.

Kontaktpersonar:
Brannsjef Oddmund Grebstad eller brannmeister Gjermund Eidem.

Skriftleg søknad til Sykkylven kommune, Kyrkjevegen 62, Rådhuset, 6230 Sykkylven.

Søknadsfrist: 1.mars 2017

Info 
Web Redaktør 09.02.2017 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]