Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Heimebasert omsorg Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Ferievikarar innan pleie og omsorg 2017

Kan du tenke deg ein sommarjobb i omsorgsyrket komande sommar?
Då må du sende oss ein søknad no.

Vi ønskjer primært søkjarar som har fylt 18 år, men 17-åringar kan og søkje og bli vurderte dersom vi ikkje får nok søkjarar som har fylt 18 år.
Hovudferien blir avvikla frå veke 26 til og med veke 33, men det kan også vere eit visst behov for vikarar i vekene før og etter dette.
Vi treng vikarar for sjukepleiarar, fagarbeidarar og miljøarbeidarar som kan utføre praktisk arbeid i denne sektoren. Dette gjeld heimetenestene, bu- og habiliteringstenesta og Sykkylven bu og aktivitetssenter, BUAS (både pleie, reinhald og kjøkkenteneste).

For dei som ønskjer jobb i heimetenestene er det krav om førarkort.

Du finn lenke til søknadsskjema til sommarjobbane ute til høgre på denne sida. Dette må du fylle ut og sende oss. Du må skrive kvar du ønskjer å jobbe, gjerne i prioritert rekkefølgje. Då kan vi lettast oppfylle ønska dine. Du må også skrive kva for periode du ønskjer å jobbe.

Løn i samsvar med utdanning og praksis. Vi har eige studentregulativ for dei som er under høgskule-/universitetsutdanning (som er relevant for jobben).  

For alle som skal yte kommunale helse-og omsorgstenester må det framleggast politiattest av ny dato. Lenke til skjemaside: https://www.politi.no/tjenester/politiattest/ 

Kontaktpersonar:

Heimetenestene: Solfrid Hammernes Utgård, tlf. 97 41 59 78
Bu- og habiliteringsnesta: Klokkehaugen: Margit Aure Overå tlf. 91 89 87 51, Ura/Ullavika: Inger Marthe Sævik tlf. 90 77 65 77
Buas:
Nattevakter: Astrid Hammernes Strømme, tlf. 99 22 74 66
Sone 1: Lillian Klock Urtegård, tlf. 95 94 80 39
Sone 2: Hildegunn Lied, tlf. 95 94 73 61
Sone 3: Astrid Hammernes Strømme, tlf. 99 22 74 66
Institusjonsdelen (Korttids-/rehab. og skjerma avd.): Jorunn K. Røyseth, tlf. 99 49 47 43
Kjøkkenet: Eli Hustad, tlf. 70 24 59 88

Søknad om sommarjobb skal sendast Sykkylven kommune, Kyrkjevegen 62, 6230 Sykkylven eller til postmottak@sykkylven.kommune.no

Søknadsfrist: 26. mars 2017




Info 
Web Redaktør 09.02.2017 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Relaterte - alle gruppert [2] 
Rediger 
Uten navn [4]