Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Kommuneleiinga Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Pressemelding - rekneskapen for 2016

¤EPII_TITLE¤

Sykkylven kommune vert meldt ut av ROBEK.

Urevidert rekneskap for Sykkylven kommune for år 2016 er gjort opp med eit driftsoverskot (Netto driftsresultat) på kr 30 387 054.

Sykkylven kommune har dermed dekka alle underskot frå tidlegare år og vert meldt ut av ROBEK to år før planen Kommunaldepartementet godkjende. På to år har kommunen dekka gamle underskot med over 50 millionar kroner.

Tidlegare års underskot er i år 2016 dekka med Kr 19 578 601, kr 4 595 133 er avsett til disposisjonsfond, kr 1 935 459 er avsett til bundne fond og ein har att kr 19 094 792 som udisponert del av netto driftsresultat.

Udisponert del av netto driftsresultat, kr 19 094 792, vil bli disponert av kommunestyret ved godkjenning av rekneskapen for år 2016.

- Det har vore eit godt samarbeid mellom politikarar og tilsette for å få god styring på økonomien, uttalar rådmann May-Helen Molvær Grimstad.

- Det å vere ein ROBEK kommune er krevjande - både for politikarar, tilsette og innbyggarar. Det har vore arbeidd intenst for å ta tilbake og halde kontroll over økonomien, det er difor gledeleg at kommunen også i år kan legge fram eit positivt resultat.

- Årsaka til det positive resultatet er ein kombinasjon av innsparingar innan dei fleste einingar/sektorar og svært store meirinntekter (spesielt skatt og skatteutjamning) heilt på slutten av året.

- Det er krevjande å stå i eit krysspress mellom stramme budsjett og sjå at der mange stader er behov for meir ressursar. Det er difor ekstra gledeleg å sjå at ein også i år får resultat av arbeidet.

- Det er grunn til å peike på at vi framleis må ha ei stram økonomistyring, vi er sårbare for svingingar i skatteinntekter eller uforutsette utgifter. Det er derfor viktig å halde fram med å bygge opp disposisjonsfond.

- Der er fleire område på driftssida det er behov for meir ressursar enn vi har av tilgjengelege midlar. Knappe budsjett dei siste åra, har gjort at der er område ein ikkje fått tatt nødvendige investeringar eller vedlikehald i kommunen. Det er derfor viktig at vi held fram med fokus på mest mulig effektiv og god drift. Målet er å gi innbyggarane så gode tenester som mulig innanfor dei tilgjengelege ressursane vi har, uttalar rådmannen til slutt.

For ytterlegare kommentarar:

Rådmann May-Helen M. Grimstad tlf. 930 63 569
økonomisjef Arild Bergström tlf. 908 97 957

Info 
Web Redaktør 14.02.2017 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]