Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Kultur og fritid Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Sommarles 2017

¤EPII_TITLE¤ Sykkylven bibliotek er også i år med på den digitale lesekampanjen Sommarles. Saman med barn frå over 300 andre kommunar kan alle barn i 1. – 7. klasse her i Sykkylven vere med på ei flott og engasjerande lesekampanje. Les, registrer, gå opp i nivå og vinn premiar på sommarles.no.

Kva er Sommarles?

- Sommarles er ei digital lesekampanje på nettsida sommarles.no. Barna lagar seg ein profil, registrerar alt dei les i kampanjeperioden og får XP(poeng) for kvar leste side. Sommarles gjer det artig å lese!

- Sommarles er for barn i 1. – 7. klasse og varer frå 1. juni til 31. august. Også dei som skal byrje i 1. klasse til hausten kan vere med.

- Barna får også tilgang til ei spesialskriven forteljing av forfattaren Mari Moen Holsve og kan løyse oppgåver knytte til denne.

- I tillegg til poeng kan barna også gjere seg fortente til digitale trofé – og sjølvsagt har vi kule premiar som kan hentast på biblioteket!

- I september vert det avslutningsfest for alle som er med.

For meir informasjon sjå: https://sommarles.no

Info 
Web Redaktør 29.05.2017 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]