Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Kommuneleiinga Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Ønskjer innspel om rutetilbodet til trafikknemnda

Sykkylven kommune har oppretta ei trafikknemnd med følgjande mandat: Trafikknemnda skal arbeide for mest mogleg heilskapleg kollektivtilbod, og spesielt legge vekt på behova for elevar, pendlarar, eldre og funksjonshemma

Med bakgrunn i dette ønskjer nemnda tilbakemelding på både bussruter og ferjetilbod som per i dag medfører t.d. unødig lang ventetid eller andre praktiske utfordringar for innbyggjarane i kommunen vår.

Fylkeskommunen har sett opp følgjande forslag til ferjeruter jule- og nyttårshelga:

09 Hundeidvika-Festøya

Julaften/nyttårsaften
Laurdagsrute med siste avgang frå Hundeidvika kl.1500, og frå Festøya kl.1530.

1.juledag
Innstilt

2.juledag/1.nyttårsdag
Søndagsrute.

13 SykkyIven-Magerholm

Julaften/nyttårsaften   
Laurdagsrute t.o.m. avgangene kl.1410. Deretter er det bare A-ferja sine avgangar som blir utført til og med avgangen kl.1730 som blir siste tur frå Magerholm. Siste tur frå Sykkylven blir kl.1710. I tillegg vil det bli utført en tur frå Sykkylven kl.2010 og frå Magerholm kl.2030.

1.juledag 
Avgangar frå Sykkylven kl. 1010, 1110,1310,1610,1810,2010 og 2210.

Avgangar frå Magerholm kl. 1030,1130,1330,1630,1830,2030 og 2240.

2.juledag/1.nyttårsdag 
Søndagsrute frå kl.0810 som blir første tur frå Sykkylven. Første tur frå Magerholm blir kl.0830.

Trafikknemnda ber om tilbakemelding via e-post til monica.hjelmevoll@sykkylven.kommune.no

Frist for tilbakemelding er sett til 25. juni!

Info 
Web Redaktør 13.06.2017 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]