Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Kommuneleiinga Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Sommar i Sykkylven 2018

¤EPII_TITLE¤

Når ferien startar kan ein oppleve at bygda stilnar i takt med kvilepulsen, og innbyggjarane spør seg – kva skjer eigentleg i Sykkylven? Ein treng heldigvis ikkje reise langt for å få ein sommar full av flotte minne i heimbygda. Både museum og kunst, friluftsliv frå fjord til fjell og andre kulturelle arrangement, her er noko å finne på for ein kvar smak!

På den nye nettsida til Designvegen.no finner du mykje informasjon om aktivitetane i Sykkylven, også om dei aktivitetane vi nemner her i artikkelen.

To museum bak ei dør. Møbelmuseet og naturmuseet i Sykkylven held ope tysdag, onsdag, torsdag og søndag kl. 12-16 i heile sommar.
Sykkylven er ei møbelbygd, og med tilgang til eit flott
møbelmuseum kan ein setje seg ned i ein stolklassikar og inn i historia som gjorde Sykkylven til eit internasjonalt tyngdepunkt for denne industrigreina.
Ikkje nok med det - i same lokalet finn ein Sykkylven
Naturmuseum, med ein imponerande fauna på over 250 fugl og pattedyr i flott arrangerte utstillingar. Her fins det mykje spennande, alt frå den velkjende ulven til isbjørn og fuglar samt eit kjekt aktivitetsrom!

Galleri Cylindra vil halde ope måndag-fredag kl. 09-16 heile sommaren. Dei kunstnariske objekta laga av Peter Opsvik har vore med på utstilling fleire stader i verda,- du kan sjå dei i Tusvik!


Blakstad Gard  open tysdag, torsdag og søndag, kl. 11-15.

 Her er du velkomen til liv og røre med alt frå søte små kaninungar til større dyr som påfugl, ullgris og hesten Frami.

Utandørs har naturen i Sykkylven mykje å by på, med flotte turstiar frå fjord til fjell. Om ein treng litt ekstra motivasjon, kan ein forsøke å sikre seg premiar gjennom deltaking i
Fjøre til fjells!

Kart med informasjon får du kjøpt  på sportsbutikkane Intersport og Sport 1 - Focus Sport.

 

Andre familieaktivitetar som bading og grilling fins det rom for over heile bygda, både Oddane på Aursneset, badeområdet på Haugneset, laguna i Straumgjerde samt eit flott tillaga uteområde ved Veslesanden brygge ved Fetvatnet, og sjølvsagt den velkjende volleyballbana like utanfor sentrum er nokre av dei gode alternativa ein kan anvende.

Ytste Skotet vil vere ope for besøkande i heile sommar, men det vert ikkje moglegheit for båtskyss, servering og overnatting. Kom på dagstur over fjellet frå Ramstaddalen eller med eiga båt.


På Ikornnes kan ein boltre seg i
friluftsbassenget som ligg vakkert til ved fjorden, godt tilrettelagt for både store og små, med nærleik til både kiosk, butikk og serveringsstad.

Frå 23. juni til 19. august er det opent alle dagar frå kl. 12 - 18

Ønskjer du ein lengre tur til sjøs kan du utforske heile Sunnmøre ved hjelp av skyssbåten MS Nordic Genesis, med moglegheit både for guida turar og måltid i løpet av turen.
www.skyssbåt.no

Moglegheitene for fiske er mange i Sykkylven, både lakseelvene Aureelva og Straumen samt dei populære fiskevatna på Andestad og Fet er fine alternativ. Fiskekort får du kjøpt på sportsbutikkane.

Etter alle sommaraktivitetane kan det vere godt å slappe av med litt sommarlektyre i solsteiken –
Sykkylven bibliotek held ope måndag – onsdag og fredag frå kl. 10 til kl. 15 i fellesferien. Her kan ein låne bøker og filmar, i tillegg vert den digitale lesekampanjen «Sommarles 2018» for barneskuleelevar arrangert i perioden 1. juni til 31. august, med påfølgjande avslutningsfest i september. Eller du kan ta ein tur på kinoSykkylven kulturhus.

 

Sykkylven kyrkje har ordinær gudsteneste på Aure 08.07, 29.07 og 05.08, og 15.07 på Ikornnes. Det er elles open kyrkje kl 1000-1400 alle kvardagar bortsett frå i veke 29.

Info 
Web Redaktør 06.07.2018 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]