Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Barne- og familietenestene Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Oppstart av BAPP-grupper i januar 2019

BAPP er eit førebyggande gruppetilbod (leike- og snakkegrupper) for barn i alderen 8-12 år der ein eller begge foreldre har psykiske problem og/eller avhengighetsproblematikk. Det er planar om oppstart av ny gruppe i januar 2019.

Når foreldre slit med psykiske problem / rusproblem, kan det vere mange utfordringar med  å vere barn. BAPP-grupper er eit tiltak som skal hjelpe til med å styrke borna. Viktige mål er å hjelpe borna med å meistre og å finne ressursar. Eksempel på dette kan vere å lære å seie frå, be om hjelp og søke hjelp hos familiemedlem, lærarar, naboar eller andre dei kjenner tillit til. Barna blir styrka av å møte andre barn i liknande situasjonar og ved å sjå at dei ikkje er åleine om dette problemet. Dei lærer å snakke om vansklege kjensler og opplevingar samtidig som dei kan dele positive opplevingar og vere i eit fellesskap.

Barnegruppene møtast totalt åtte gonger på ettermiddagstid. Her blir det fulgt eit strukturert opplegg, med rollespel, leik, læring og heimeoppgåver. Barna deler opplevingar med kvarandre, eter mat og leikar saman. I tillegg vil det vere to foreldresamlingar og ei gjensynssamling for barna etter 2-3 månader.

 

Ynskjer du at ditt barn skal vere med i BAPP-gruppe, eller ønskjer du meir informasjon, ta kontakt på mail: BAPP@sykkylven.kommune.no.

Info 
Web Redaktør 03.01.2019 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]