Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Barnehagar Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Kommunale barnehagar inviterer til besøksdag

Måndag 21. januar inviterer alle dei fem kommunale barnehagane til besøksdag. Målet er at alle potensielle søkjarar skal få høve til å kome innom og gjere seg kjent med barnehagane. Søknadsfristen til hovudopptaket er 1. februar.

Interesserte treng ikkje melde seg på. Det er berre å troppe opp, så vert ein teken vel imot. Det er sett opp to ulike møtetider. Det første er i tidsromet mellom klokka 09.30 og 11.30 på føremiddagen, då alle barna er til stades i barnehagen. Det andre tidspunktet er mellom klokka 17.00 og 18.00, noko som kanskje høver betre for foreldre som er i jobb.

Dei kommunale barnehagane har nettopp gjennomført ei foreldreundersøking med høg svarprosent og svært gode resultat. På spørsmål om «Barnets trivsel» hadde dei ein snittskår på 4,8 (av 5,0 oppnåelege), og på «Barnets utvikling» var snittskåren 4,7. Det vert jobba kontinuerleg med kompetanseheving og vidareutvikling av barnehagane for å ivareta barna sitt behov for omsorg, leik og læring. Det er fylgjande kommunale barnehagar i Sykkylven:

o   Blakstad naturbarnehage

o   Tandstad barnehage

o   Ullavik barnehage

o   Vik barnehage

o   Vikedalen barnehage

Info 
Web Redaktør 14.01.2019 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]