Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Barne- og familietenestene Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Tilbod om PMTO-foreldrerådgjeving og PMTO-behandling i Sykkylven

¤EPII_TITLE¤

Dei fleste småbarnsforeldre opplever stress og mangel på tid i periodar. Då kan det vere krevjande å oppretthalde eit godt samspelsmønster i familien. Foreldre kan oppleve å handtere situasjonar med borna på ein uheldig måte, som kanskje i neste omgang fører til ei forverring av situasjonen. Om slik negativt samvere får dominere familien over tid, aukar risikoen for at barnet kan utvikle problemåtferd, og i verste fall alvorlege åtferdsvanskar.

I Sykkylven har vi allereie tre sertifiserte PMTO-terapeutar, som kan gi intensiv behandling for foreldre som opplever krevjande samspel i familien. Denne behandlinga går over 10-30 timar.

Nytt frå i år er at Sykkylven kommune kan tilby foreldrerådgjeving som eit mindre omfattande opplegg enn behandlinga er. Hausten 2018 vart seks foreldrerådgjevarar kursa, og desse kan no tilby rettleiing som går over 3-6 timar  til foreldre.

Foreldre som ønsker rådgjeving og/eller behandling, kan bruke vedlagte søknadsskjema.

Tilbodet går ut til alle foreldre som ønskjer å få konkrete råd og verkty for å sikre god samhandling med barnet/barna sine. Trygge foreldre gir trygge barn.

Sjå også den vedlagte brosjyra vår.

For meir informasjon om PMTO:

https://www.pmto.no/tilbud-til-familier/pmto

https://www.nubu.no/aktuelt/foreldrene-til-barn-med-atferdsvansker-far-det-bedre-med-radgivning-article2942-119.html
Info 
Web Redaktør 18.01.2019 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Relaterte - alle gruppert [2] 
Rediger 
Uten navn [4]