Saka om sparebankbygget
Det er stilt spørsmål om kvifor rådmannen
tilrådde å kjøpe sparebankbygget. I desember 2018 kom det ei lita opning for at
Sykkylven kommune, på visse vilkår kunne få kjøpe bygget. Sjølv med positivt
svar var kommunen ikkje garantert å få kjøpe sparebankbygget.
Som rådmann kunne eg ha konkludert med at
dette ikkje var noko å arbeide vidare med. Mi vurdering var at dette var eit sentralt og godt bygg, som ikkje ofte
er tilgjengelig for kjøp. Svarfristen var veldig kort, berre to dagar, men samtidig
var dette ei sak kor politikarane burde få seie sitt. Kommunestyret vart kalla
inn på svært kort varsel.
Det hadde sjølvsagt
vore mykje enklare for alle partar om dette bygget låg opent ute for sal og kommunen
kunne kjøre ein open prosess i ro og mak. Slik var det ikkje. Av
forretningsmessige omsyn var dei eit krav i frå seljar at saka måtte vere
unntatt offentlig innsyn.
I forkant av denne
saka hadde kommunen annonsert etter lokale til kommunalt legesenter jf.
politiske vedtak. Bankbygget, midt i
Sykkylven sentrum, med enkel tilkomst, apotek, gode parkeringstilhøve m.m.
gjorde at ein vurderte dette bygget til å være gunstig. Ut i frå ei samla vurdering
såg rådmannen at dersom ein fekk samla fleire av fagområda innan helse og
omsorg i dette bygget kunne det ha fleire positive sider, både økonomisk og med
omsyn til å skaffe meir tiltrengte areal.
Eg forstår godt at
det kan være vanskelig å ta ei avgjerd på så kort tid, og at ein gjerne skulle
hatt meir informasjon i forkant, enn kva vi rakk å få til. Rådmannen valde å
forsøke, på dei få dagane vi fekk, å få fram så mykje informasjon som var
mogleg og slik gje politikarane best mulig grunnlag for å gjere eit vedtak.
Mitt ansvar er å
utgreie og legge fram saker til politikarane. Dei fattar vedtak og vi
gjennomfører vedtaka.
May-Helen Molvær
Grimstad
Rådmann