Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Kommuneleiinga Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Varslingstest (ny info for Sykkylven)

¤EPII_TITLE¤ Åknes/Tafjord beredskap IKS (ÅTB) har på vegne av kommunane langs Storfjorden ansvaret for befolkningsvarslinga ved ei eventuell fjellskredhending. Dette er ein del av fjellskredberedskapen. ÅTB skal teste systema torsdag 2. mai mellom kl. 1500 - 1530.
Dette vil innebere at du som har registrert telefon på ei adresse i, eller oppheld deg i ein kommune ved Storfjorden, vil få ei melding eller oppringing til din telefon.

I tillegg vil du kunne høyre at sireneanlegga rundt fjorden blir testa. Dette gjeld sireneanlegg i Stranda, Norddal, Stordal og Ørskog kommunar, samt delar av Sykkylven kommune.

Korrigering den 2.5.19: Sireneanlegga i Sykkylven vert ikkje testa denne gongen. I Sykkylven vert det berre testa telefonvarsling.

Det vil vere mogleg å gi ÅTB tilbakemelding om testen gjennom ei spørjeundersøking. Denne finn du på www.aknes.no.

Vi oppmoder om å informere barna om denne testen på førehand.

Kommunane rundt Storfjorden er opptatt av å ha ein god beredskap dersom det skulle oppstå ei naturkatastrofe, og det er derfor viktig å teste systema. Vi håper alle innbyggarar har forståing for dette.

ÅTB poengterer at det ikkje er noko endring i bevegelsane i fjella. Geologane vil kunne varsle i god tid før eit eventuelt skred vert utløyst.

Dersom du har spørsmål om varslingstesten kan du ta kontakt med Åknes Tafjord Beredskap IKS på epost post@aknes.no eller tlf. 485 03 988
Info 
Skjeret, Torill Olin 02.05.2019 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]