Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Kommuneleiinga Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Startlån og bustadtilskot til etablering og tilpassing 2019

Sykkylven kommune har motteke løyving av startlån og tilskot til vidaretildeling for 2019.

Startlån

Kommunen kan gje startlån til personar som ikkje får lån i ordinære kredittinstitusjonar. Startlån er behovsprøvd og det stillast krav til at lånesøkjar har langvarige utfordringar med å finansiera kjøp av eigen bustad. Barnefamiliar er ei prioritert målgruppe for låneordninga. Det er ei føresetnad at lånesøkjar har nytta moglegheita til å spare innanfor dei økonomiske rammene deira aktuelle inntekter og utgifter til livsopphald gjer.

Tilskot

Tilskot til etablering og tilpassing skal bidra til å skaffe og sikre eigna bustader for vanskelegstilte på bustadmarknaden. Tilskot til etablering kan gis til oppføring av bustad, kjøp og refinansiering. Mens tilskot til tilpassing skal bidra til å gjere bustaden betre eigna til å ivareta behova for personar med nedsett funksjonsevne. Tilpassinga må vere hensiktsmessig og behov for tilskot vert vurdert ut frå husstandens økonomiske situasjon.

Tilskot gis til husstandar med varig låg inntekt og som ikkje er i stand til å betene fullt lån til eigna bustad. Ordninga er behovsprøvd og berre dei aller mest vanskelegstilte kan rekne med å få tilskot.

Søknader vert handsama fortløpande. 

Søk startlån/bustadtilskot

 

Her finn du meir informasjon om startlån og tilskot.

Info 
Web Redaktør 07.05.2019 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]