Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Kommuneleiinga Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Høyring – Ruteendringsprosessen 2020

Høyringa gjeld den årlege ruteendringsprosessen for ferje-, hurtigbåt- og bussrutene, som startar i august 2019. Eventuelle endringar vil gjelde frå 1. mai 2020.

Fylkeskommunen ønskjer tilbakemeldingar frå kommunar og andre innan 26. juni 2019.

·         Forslag om ruteendringar som er fremma tidlegare og av ulike grunnar ikkje har vorte gjennomført, er unødvendige å fremme igjen.

·         Forslag om ruteendringar som gjer korrespondansar betre vil bli prioritert.

·         Forslag som gjeld endringar i rutetidene på riksvegferjerutene (rute nr.10, 11, 33 og 48) må tas direkte med Statens vegvesen.

·         Forslag til endringar av haldeplassar eller andre saker som ikkje vedkjem rutetidene spesifikt, må sendast i eige brev utanom denne ruteendringsprosessen.


Det vert også opplyst om at mange av ferjesambanda får nye rutetider frå 1. januar, når nye anbod vert starta opp.

 

Sykkylven kommunale trafikknemnd tek på seg å samle høyringsuttalar og sende samla tilbakemelding til fylket. Vi ber difor om at høyringsuttalar og forslag vert sendt til trafikknemnda til monica.hjelmevoll@sykkylven.kommune.no

 

Ver tydeleg på om uttalen gjeld ferje, buss eller hurtigbåt.

 

Frist for å sende høyringsuttaler til trafikknemnda er fredag 21. juni.

Info 
Web Redaktør 08.05.2019 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Relaterte - alle gruppert [2] 
Rediger 
Uten navn [4]