Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Meld deg på Ungdommens kulturmønstring NO

¤EPII_TITLE¤ Det er enno for få påmeldte til UKM i helga, så vi har opna for fleire påmeldingar fram til torsdag morgon. Men no hastar det. Dette er DIN sjanse.
Er du mellom 10 og 20 år? Og har ein hobby? Meld deg på til Ukm på Storhallen den 6. februar.
Som alltid legg vi alt tilrette for at du og dine venner kan presentere det de har av musikk, dans, drama, standup, video, foto, biletkunst, kunstinstallasjonar eller handverk. Men for at vi skal vere godt forberedt på dine behov er det viktig å melde seg på tidlegast mogeleg.
I storhallen har vi alt nødvendig utstyr av lyd, lys, storskjerm og videokanon, og vil strekke oss langt for å gi din presentasjon ei perfekt ramme.
Hugs at tidsramma for sceneinnslag er 5 min. Det same gjeld for videofilm, medan teaterinnslag kan vare inntil 10min. Om tida strekk til kan det opnast for at enkelte får framføre to innslag.
Ingen vert utstemt frå UKM, og ingen kan kallast tapar. Alle er i så måte vinnarar ved å stille opp i mønstringa, og vi gir kvar enkelt ei positiv og konstruktiv tilbakemelding om deltakelsen. Juryen vår vil i tillegg velge ut nokre innslag som viser dei ulike typene av innslag frå vår mønstring som vi vil sende til fylkesmønstringa. Den skjer i Eidet kulturhall i Haram kommune 19. til 21.mars. Herifrå vert deg også sendt nokre innslag til Landsmønstringa i Trondheim 18. til 22.juni. No kalla UKM festivalen.
Alt dette er berre biprodukt av UKM. Det mest vesentlege i heile UKM systemet er vår lokale kulturmønstring og DITT innslag frå scene eller utstilling.
Ver snar og meld deg på, og ta gjerne kontakt med Musikkleiar Åge Frøystad om du har spørsmål, eller om du har lyst til å vere medhjelpar ved arrangementet på eit eller anna vis.
Dette skal vere ungdomskulturen sin kveld frå start til slutt.

Bruk internett for påmelding: www.ukm.no eller kontakt musikkleiar Åge Frøystad ved kultureininga om du har spørsmål. tlf; 70246752 / 40471441 eller e-post; age.froystad@sykkylven.kommune.no
Info 
Åge Brigt Frøystad 02.02.2010 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]