Temakveld om landbruket 4. februar startar kl. 19.30!
I invitasjonen om temakvelden den 4. februar sto ein feil i programmet. Temakvelden om framtida i landbruket i Sykkylven startar kl. 19.30.
Beklagar feilen.
Bondelaget, Bonde- og småbrukarlaget, Velledalen i Balanse, landbrukskontoret, Økoløftprosjektet og samfunnsplanleggaren ønskjer i eit samarbeid å få bøndene i Sykkylven i tale. Vi inviterer difor alle aktive og potensielt aktive bønder i kommunen til ei idémyldring om framtida i landbruket i Sykkylven.
Vi trur at nokre sentrale spørsmål vert:
- Kva skal bønder i Sykkylven satse på?
- Kva er viktig for å vere / bli bonde
- Kva er mest spennande av nye utfordringar for landbruksnæringa?
Reidar Almås, professor i bygdesosiologi, skal holde eit innlegg.
Dato: torsdag 4. februar
Tid: kl. 19.30
Stad: kulturhuset Sykkylven
Velkommen!