Kurs - eigarskifte i landbruket
Næringsavdelingane i Stranda, Norddal og Sykkylven i samarbeid med Bondelaga har planar om å gjennomføre eit kurs i eigarskifte.
Vert det mange nok som melder seg, vil vi gjennomføre kurset i løpet av våren 2010.
Mest truleg vil kurset bli gjennomført av advokat Ole Houlder Rødstøl frå firmaet Øverbø Standal & Co Kurset har ikkje som mål å setja deltakarane i stand til å gjennomføre eit eigarskifte på eiga hand. Derimot blir det fokus på:
· Planlegging av eigarskifte – regelverk. · Gjennomføring av eigarskifte – regelverk. · Kva partane kan gjera på eiga hand og kva det bør søkjast hjelp til for å unngå gjere feil, m.m. Målgruppe er i utgangspunktet alle som har tilknyting til garden, både ny og gammal generasjon, som skal inn i eller er inne i ein eigarskifteprosess.
Kurset vil truleg bli lagt til ei helg, dvs. over to dagar, og vil bli halde i Stranda.
Påmelding til:
· Endre Frøysa. Tlf.: 930 65 108. E-post: endre_froysa@live.no · Trond Åge Dyrkorn. Tlf.: 977 15 700. E-post: hellesylt@hotmail.com Kurset vil bli ope for alle, også dei som ikkje er medlemmer i Bondelaget.