UKM i Sykkylven er avlyst.

På grunn av for liten påmelding, har vi betsemt å avlyse arrangementet i Storhallen laurdag.
Det vert i staden ei fellesmønstring med Stranda på Storfjord kulturhus søndag 14. februar. kl.17.00
Det er første gongen på 20 år at vi må avlyse eit UKM i Sykkylven. For at UKM skal verte den festen og det flotte showet med den ramma som ungdommen fortener rundt sine innslag, har vi lagt mykje arbeid i teknisk utstyr og stort publikumsareal i Storhallen.
Dette involverar stort personell og store kostnader, så vi såg ingen annan utveg enn å satse på samarbeid med Stranda når det vart så få deltakarar.
Dei som deltek på Stranda får her ein reell sjanse til å vere med vidare i UKM systemet sidan vi har ein eigen kvote for fylkesmønstringa og sender eigen jury til Stranda. Vi håper dei tek i mot dette tilbodet, og at det kanskje enda er nokon som kan benytte den forlenga påmeldingsfristen det no vert med påmelding på
www.ukm.no og merka deltakar frå Sykkylven innan mandag 8.febr.
Har du spørmål om dette så må du berre ta kontakt med musikkleiar Åge Frøystad på tlf. 40471441