Høyring om skulestruktur

Formannskapet har i møte bede administrasjonen utarbeide eit høyringsnotat om skulestruktur. Høyringsinstansane er FAU, samarbeidsutvala ved skulane, elevråda og organisasjonane til undervisningspersonalet. Det blir også opna for at andre institusjonar eller organisasjonar kan kome med uttale.
I etterkant av denne høyringa vil det bli fremma sak for politisk handsaming. Innspela frå høyringane vil bli lagt ved saka.
Politikarane skal i denne omgang gjere eit prinsippvedtak om korleis skulestrukturen skal vere i framtida. Dersom dette inneber at skular i framtida kan bli lagt ned, skal det avgjerast gjennom eigne saker. Eventuell endring av opptaksområde kan fastsetjast i forskrift, jf. Opplæringslova § 8-1 og Forvaltningslova kap. 7.
Høyringsfrist: 21. mars 2010
Høyringsuttalar skal sendast til: Sykkylven kommune, Postmottak, Kyrkjevegen 62, 6230 Sykkylven
e-post:
postmottak@sykkylven.kommune.no