Slik søkjer du
- Når du søkjer etter dokument kan du eventuelt søkje i ei bestemt periode.
OBS! Dette gjeld frå den datoen dokumentet er registrert hos oss. - Du kan eventuelt avgrense journalen til ei administrativ eining.
- Skriv eventuelt eit eller fleire ord du finn i tittel til dokumentet.
- Klikk på Søk-knappen
Fleire detaljar
For å få fram fleire detaljar om eit journaldokument, klikk på tittelen (lenka).
For å få fram fleire detaljar om den saka i arkivet der journaldokumentet høyrer til, klikk på tittelen til saka (lenka under "tilhører sak").
Avgrensa antal treff
For at systemet vårt ikkje skal bli overbelasta, er det sett ei grense på at søk i journalen maksimalt skal returnere 200 dokument.
Publisering av fulltekstdokument
Vi gjer merksam på at dokument som elles er offentlege kan vere unnateke off. pga. personopplysningar, og ligg difor ikkje ute i fulltekst. Desse dokumenta kan du få i sladda versjon ved å vende deg til servicetorget.
Du må då oppgi saknummer og dokumentnummer.
Offentleglova seier at alle dokument som er offentlege skal vere open for alle. Dette er for å styrkje informasjons- og ytringsfridom, demokratisk deltaking og rettstryggleik.
Offentleglova seier at forvaltninga sine saksdokument er offentleg så langt det ikkje er gjort unntak i lov eller i medhald av lov. Arkivplanen skal sørgje for at Sykkylven kommune praktiserer rutinar som samsvarar med krava i denne lova.
Sykkylven kommune sin offentlege journal inneheld inngåande og utgåande dokument Vi publiserer fulltekstdokument i vår postjournal på internett. Interne notat vert ikkje publisert i fulltekstdokument, men ein kan be om innsyn i desse så lenge det ikkje er heimel for noko anna.
Postjournal er vanlegvis tilgjengeleg 3 dagar etter postføring.
Dersom journalposten på vår postjournal ikkje er skjerma kan du klikke på eit pdf ikon og få opp dokumentet. Ein kan også finne lenke til mappa som journalposten ligg i. Då får ein heile mappa med alle dokument som ligg der.
Ein del av våre dokument er skjerma etter § 7c i forskrift til offentleglova. Dette fordi vi publiserer fulltekstdokument på offentleg journal. Publikum kan få innsyn i desse dokumenta ved å ta kontakt med postmottak og få ein "sladda" versjon.
Førespurnadane vert vurdert etter kvart som dei kjem inn. Fagleiar arkiv ser først på saka, diskuterer gjerne med sakshandsamar.Er ein usikker ber ein rådmann som er øvst ansvarleg om råd. Vurdering vert gjort etter offentleglova, forvaltningslova og personvernlova.
Klage på avslag om innsyn er heimla § 11 i forskrifter for offentleglova. Klageinstans på avslag om innsyn er Fylkesmannen i Møre og Romsdal.
Offentleglova
Forskrift om offentleglova
ForvaltingslovaPersonopplysningslova