Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblinger Gå til hovedinnhold
Stilling 

Ferievikarar i pleie og omsorg 2012

Kan du tenke deg ein sommarjobb i omsorgsyrket kommande sommar? Da må du sende inn ein søknad.

Detaljar

Beskriving

Vi ønskjer primært søkjarar som har fylt 18 år, men 17- åringar kan og søkje og vil bli vurderte dersom vi ikkje har nok søkjarar som er fylt 18.
Hovudferien vert avvikla i vekene 26-33, men det vil også vere eit visst behov for vikarar i vekene før og etter dette.

Vi treng vikarar for sjukepleiarar, fagarbeidarar, miljøarbeidarar og assistentar som kan utføre praktisk arbeid innan pleie og omsorgssektoren. Dette gjeld heimetenestene, butenestene og BUAS (både reinhald, pleie og kjøkkenteneste). For dei som får sommarjobb i heimetenestene er førekort ein føresetnad.

Søknadsskjema finn du til høgre på denne sida og lenger ned på sida.  Denne må du skrive det ut og sende til oss.

Du må skrive kvar du ønskjer å jobbe, gjerne i prioritert rekkefølgje. Då kan vi lettast oppfylle ønska dine. Du må også skrive konkret kva for periode du kan jobbe.

Vi ønskjer å presisere at dette er interessante og meiningsfylte jobbar. Du vil møte eldre og pleietrengande som set stor pris på det arbeidet du gjer.

Løn i samsvar med utdanning og praksis.

Søknad skal sendast:
Sykkylven kommune v/postmottak, Kyrkjevegen 62, 6230 Sykkylven.

Kontaktpersonar:

BUAS:   Beate Eiken, tlf. 46 96 71 75 
Heimetenestene:   Solfrid H. Utgård, tlf. 97 41 59 78 
Butenestene:    
Myretunet/Klokkehaugen:   Anita Kjersheim, tlf. 91 89 87 53 
Ura/Ullavik:   Inger Marthe Sævik, tlf. 90 77 65 77 
Krikane: Margit Aure Overå, tlf. 91 30 01 14

Kontaktinformasjon

Søknadsinformasjon

Søknadsfrist

15.04.2012

Søknadsskjema

Ferievikar i pleie og omsorg - søknadsskjema
Stilling - info 
Web Redaktør , 13.03.2012 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Rediger 
Uten navn [4]