Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblinger Gå til hovedinnhold
Stilling 

Tilkallingsvikarar og helgevakter i heimetenestene, butenestene og på Sykkylven bu og aktivitetssenter

Vi har stort behov for helgevakter og tilkallingsvikarar innan pleie og omsorg. Det er ønskjeleg at dei som vert tilsett har fylt 18 år.
Kontaktpersonar:
I heimetenestene: Solfrid Hammernes Utgård, tlf. 97 41 59 78
I butenestene: Anita Kjersheim, tlf 91 89 87 53
Sykkylven bu og aktivitetssenter: Lillian Klock Urtegård, tlf. 48 14 52 59

Detaljar

Beskriving

Arbeidet består i hjelp og støtte til daglege gjeremål til eldre og sjuke. Brukarane våre bur heime i eigne husvære eller på dei ulike sonene/avdelingane ved Sykkylven bu og aktivitetssenter.
Helgevaktene arbeider normalt 3. kvar helg. Slike stillingar høver for elevar ved vidaregåande skule som ønskjer ein liten jobb ved sida av skulen.
Dei som ønskjer å arbeide i heimetenestene må ha førarkort, då arbeidet her går føre seg i brukarane sine heimar rundt om i bygda. Det er også ønskjeleg at det ved behov kan stillast eigen bil til disposisjon, i dei tilfella dei kommunale tenestebilane er opptekne.
Dersom dette er noko av interesse ber vi om at du tar kontakt direkte med leiaren i den tenesta du kan tenke deg å arbeide.

Og husk: Dette er eit givande arbeid! Dei hjelpe- og pleietrengande er så takksame for hjelpa dei får. Det er også verd å merke seg at dette er verdfull praksis å ha med seg vidare i livet.

Kontaktinformasjon

Søknadsinformasjon

Stilling - info 
Web Redaktør , 29.03.2011 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Rediger 
Uten navn [4]