Stillingkategori
Ledige stillingar Sykkylven kommune
Ledige stillingar - nye rutinar ved stillingssøknad.
Sykkylven kommune har innført elektronisk stillingssøknad og alle søknadar til ledige stillingar bør no sendast via e-søknad. Dette er eit elektronisk stillingsskjema som kvar enkelt søkjar bør fylle ut. Intensjonen til Sykkylven kommune er at alle stillingssøknadar skal handerast elektronisk. Dersom nokon føler seg usikker i forhold til utfylling av slik e-søknad og ikkje har tilgang til internett, vil både Biblioteket og Servicetorget yte hjelp og tilgang til heimesida vår.
I tillegg til annonserte stillingar er det til ei kvar tid behov for tilkallingsvikarar innan skule, barnehage og pleie- omsorg. Dersom du er interessert i slike oppdrag ber vi deg ta kontakt med Servicetorget via e-post eller på telefon 70 24 66 66.
Vi gjer merksam på at via offentleg søkjarliste kan opplysningar som namn, alder, yrkestittel og bustadadresse bli gjort kjent, sjølv om søkjar ber om ikkje å bli ført opp på søkjarlista (Off.lova § 25).
For stillingar der lova stiller krav om politiattest, skal attest av nyare dato leggast ved tilsettingsbrevet (svarbrev) eller leverast til einingsleiar ved første arbeidsdag.
For undervisningsstillingar skal vitnemål og attestar sendast Sykkylven kommune, postmottak, 6230 Sykkylven.
Den som takkar ja til stilling i Sykkylven kommune må levere dokumentasjon på utdanning og praksis samtidig med retur av tilsettingsbrevet.
|
|
|
|
|