Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerTenester til deg > Oppvekst og opplæring Gå til hovedinnhold
Tenestebeskriving 

Skuleskyss

Bur du over ein viss avstand frå skulen eller har du ein særleg farleg eller vanskeleg skuleveg, har du rett til skuleskyss. Er du funksjonshemma eller mellombels skadd eller sjuk, har du óg rett til skyss til og frå skulefritidsordninga (SFO).

Omtale av tenesta

Målgruppe

  • Elevar i grunnskule, vidaregåande skule og privatskule
  • Elevar med funksjonshemming
  • Elevar som er mellombels skada eller sjuke

Kriterium

Avstanden mellom skule og heim må overstige

  • 2 km for 1. årstrinn i grunnskulen
  • 4 km for 2. til 10. årstrinn i grunnskulen
  • 6 km for vidaregåande skule

Avstanden blir målt frå dør til dør og langs kortaste farbare vegen eller gang- og sykkelstig. Elevar i grunnskulen som har spesielt farleg eller vanskeleg skuleveg, har rett til fri skuleskyss uavhengig av avstanden mellom skule og heim. Dette gjeld også funksjonshemma elevar og elevar som er mellombels skada eller sjuke.

Går du på privatskule, har du rett til skuleskyss berre innanfor grensene av den kommunen/fylkeskommunen der du bur.

Pris

Skuleskyss er gratis.

Søknadsprosess

Rettleiing

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om skuleskyss.

Skjema

Skuleskyss - søknadsskjema

Klagemuligheit

Får du avslag på søknaden, kan du klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen (for elevar i grunnskulen) og klagenemnda i fylkeskommunen (for elevar i vidaregåande skule). Før klaga blir sendt klageinstansen, skal den instansen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det.

Lover og retningsliner

Lover

Fylkeskommunen/kommunen pliktar å sørgje for denne tenesta, jf. opplæringslova §§ 7-1, 7-2, 7-3 og 13-4. Sjå kapittel 10 i forskrift til opplæringslova.
Tjeneste - info 
Web Redaktør Sist oppdatert 29.10.2015 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Rediger 
Uten navn [4]