Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerTenester til deg > Oppvekst og opplæring Gå til hovedinnhold
Tenestebeskriving 

Ordensreglement i grunnskulen

Kommunen skal gje forskrifter om ordensreglement for grunnskolen. Ordensreglementet skal gjerast kjent for elevar og foreldre. Reglementet skal innehalde reglar om framferd og tiltak og framgangsmåte ved brot på reglementet.

Sanksjonar som ikkje framgår av ordensreglementet kan ikkje brukast. Fysisk refsing eller annan krenkjande behandling må uansett ikkje brukast.

Omtale av tenesta

Målgruppe

Elevar i grunnskulen og deira føresette.

Kriterium

Før det blir gjort vedtak om bortvising eller anna form for refsing, skal eleven ha ein sjanse til å uttale seg munnleg for den som skal ta avgjerda. Før rektor sjølv vedtar bortvising, skal rektor rådføre seg med lærarane til eleven. Andre hjelpe- eller refsingstiltak skal vere vurderte før bortvising blir vedtatt.

Søknadsprosess

Klagemuligheit

Du kan klage på dei mest alvorlege refsingstiltaka, det vil seie vedtak om bortvising for éin dag eller meir. Klaga må vere skriftleg og grunngjeven. Klaga sender du til rektor. Klagefristen er tre veker etter at melding om vedtaket er mottatt. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal rektor vurdere om det er grunn til å endre vedtaket.

Lover og retningsliner

Tjeneste - info 
Web Redaktør Sist oppdatert 06.12.2010 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Rediger 
Uten navn [4]