Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerTenester til deg > Oppvekst og opplæring Gå til hovedinnhold
Tenestebeskriving 

Religion, livssyn og etikk - melding om delvis fritak

Elevar skal etter skriftleg melding frå foreldra / dei føresette få fritak frå dei delane av undervisninga som foreldra / dei føresette eller eleven ut frå eigen religion eller eige livssyn opplever som utøving av ein annan religion eller tilslutnad til eit anna livssyn, eller som dei opplever som støytande eller krenkjande. Skulen skal leggje til rette for at eleven får anna undervisning innanfor læreplanen. Det vil seie at eleven skal få den same kunnskapen som dei andre elevane, men på ein annan måte. Elevar som har fylt 15 år, gjev sjølve skriftleg melding. Fritaksretten gjeld alle skulefag. Skulen skal kvart år informere elevane og foreldra / dei føresette om reglane for fritak og om innhaldet i opplæringa.

Religion, livssyn og etikk er eit ordinært skulefag som normalt skal samle alle elevar. Undervisninga i faget skal ikkje vere forkynnande. Skulen skal vise respekt for elevane og foreldra / dei føresette sine religiøse og filosofiske overtydingar og sikre retten til likeverdig opplæring. Likevel kan det oppstå situasjonar som nokre foreldre eller elevar opplever som problematiske.

Omtale av tenesta

Målgruppe

Elevar og foreldre / føresette til elevar

Kriterium

Foreldre eller elevar som opplever at undervisninga
  • er utøving av ein annan religion eller tilslutnad til eit anna livssyn
  • er støytande eller krenkjande
  • Søknadsprosess

    Rettleiing

    Foreldra / dei føresette må melde skriftleg til skulen kva for aktivitetar dei vil eleven skal fritakast frå. Elevar som har fylt 15 år, kan sjølve gje skriftleg melding utan samtykke frå foreldra / dei føresette.

    Handsaming

    Skulen skal ved fritaksmelding sørgje for at fritaket blir gjennomført og leggje til rette for at eleven får anna undervisning innanfor læreplanen.

    Klagemuligheit

    Dersom skulen ikkje godtek fritaksmeldinga, kan du klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje dette. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga sendast dit, skal den instansen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det.

    Lover og retningsliner

    Tjeneste - info 
    Web Redaktør Sist oppdatert 30.03.2012 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
    Rediger 
    Uten navn [4]