Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerTenester til deg > Andre off. verksemder Gå til hovedinnhold
Tenestebeskriving 

NAV Sykkylven

Navlogo NAV Sykkylven vart opna i oktober 2007.
Kontoret tilbyr ei ny teneste som erstattar tidlegare Aetat, trygdekontoret og delar av den kommunale sosialtenesta. NAV-kontoret held hus i helse- og sosialsenteret i Haugbukta.

Kontoret tilbyr dei tenestene ein tidlegare fekk på trygdekontoret, Aetat, samt følgjande tenester frå Sykkylven kommune; økonomisk sosialhjelp, gjeldsrådgjeving og ein del oppgåver innanfor rusomsorg samt tiltaksarbeid for personar som har hatt vanskeleg for å få innpass i arbeidslivet.

NAV-reforma er ei av dei største forvaltingsreformene i Noreg i nyare tid.

Hovedmåla med reforma er:

  • -fleire i arbeid og aktivitet og færre på stønad
  • -tenester som er enklare for brukarane og tilpassa deira behov
  • -ei heilheitleg og effektiv arbeids- og velferdsforvalting
Ei av kjerneoppgåvene til NAV-kontoret vil vere å avklare behov og følgje opp enkeltbrukarar.

NAV Sykkylven har 10 tilsette. Av desse er tre frå sosialkontoret og resten frå den nye arbeids- og velferdsetaten.


Adresse:
Postboks 68
6239 Sykkylven
Telefon:
70 32 11 00
Faks:
70 32 11 01
E-post:
nav.sykkylven@nav.no
Tjeneste - info 
Web Redaktør Sist oppdatert 24.01.2008 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Rediger 
IkonRelaterte artikler 
IkonRelaterte lenker 
Uten navn [4]