Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerTenester til deg > Oppvekst og opplæring Gå til hovedinnhold
Tenestebeskriving 

Elevar - det psykososiale arbeidsmiljøet

Alle elevar i skulen har rett til eit godt psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring. Alle tilsette ved skulen har plikt til å undersøkje, varsle og eventuelt gripe inn dersom dei får kjennskap til eller mistanke om mobbing, vald, rasisme eller anna krenkjande åtferd. Skulen har plikt til å ta stilling til oppmodingar om tiltak frå elevar og føresette som gjeld det psykososiale miljøet, og skal innan rimeleg tid gjere skriftleg vedtak.

Omtale av tenesta

Målgruppe

  • Elevar i grunnskulen og vidaregåande skule
  • Elevar som nyttar skulefritidsordninga

Søknadsprosess

Rettleiing

Elevar, føresette eller råd og utval som representerer dei, kan be om at det blir sett i verk tiltak som gjeld det psykososiale miljøet.

Klagemuligheit

Når det er gjort vedtak, gjeld dei vanlege klagefristane i forvaltningslova. Klagefristen er tre veker etter at meldinga om vedtaket er motteken. Dersom skulen etter å ha fått tid til å vurdere saka ikkje gjer eit vedtak, kan det likevel klagast som om det var gjort eit vedtak. Klaga må vere skriftleg og grunngjeven. Klaga skal leverast til skulen. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra og grunngje det. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka bli sendt til Fylkesmannen for klagebehandling.

Lover og retningsliner

Tjeneste - info 
Web Redaktør Sist oppdatert 08.04.2010 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Rediger 
IkonRelaterte tjenester 
Uten navn [4]