Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerTenester til deg > Oppvekst og opplæring Gå til hovedinnhold
Tenestebeskriving 

Skulemiljøet

Både elevane, dei føresette og råd og utval som representerer desse, kan be om at det blir sett i verk tiltak som gjeld skulemiljøet. Skulen skal ta stilling til oppfordringa innan rimeleg tid og gjere eit skriftleg vedtak. Skulemiljøet omfattar både det fysiske miljøet slik som inneklima og leikeareal, og det psykososiale miljøet. Alle tilsette ved skulen har plikt til å undersøkje og eventuelt gripe inn dersom dei får mistanke om at det går føre seg mobbing, vold eller rasisme på skulen.

Alle elevar i skulen har rett til eit godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring.

Omtale av tenesta

Søknadsprosess

Rettleiing

Elevar, føresette eller råd og utval som representerer dei, kan be om at det blir sett i verk tiltak som gjeld det fysiske miljøet.

Klagemuligheit

Når det er gjort vedtak, gjeld dei vanlege klagefristane i forvaltningslova. Klagefristen er tre veker etter at meldinga om vedtaket er motteken. Dersom skulen etter å ha fått tid til å vurdere saka ikkje gjer noko vedtak, kan det likevel klagast som om det var gjort eit vedtak. Klaga må vere skriftleg og grunngjeven. Klaga skal leverast til skulen. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra og grunngje det. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det.

Lover og retningsliner

Tjeneste - info 
Web Redaktør Sist oppdatert 01.06.2010 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Rediger 
Uten navn [4]