Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerTenester til deg > Oppvekst og opplæring Gå til hovedinnhold
Tenestebeskriving 

Spesialundervisning i grunnskulen

Om du ikkje kan få eit tilfredsstillande utbytte av den vanlege undervisninga, har du rett til spesialundervisning. Spesialundervisninga skal ha eit slikt innhald at det samla tilbodet gjev deg eit forsvarleg utbytte av opplæringa. Du skal ha det samme totale undervisningstimetalet som gjeld for andre elevar.

Omtale av tenesta

Målgruppe

Elevar i grunnskule og vidaregåande skule

Kriterium

Før kommunen gjer vedtak om spesialundervisning, skal Pedagogisk-psykologisk teneste vurdere kva for spesielle behov du har og kva for opplæringstilbod du eventuelt bør få.

Samarbeidspartnarar

Pedagogisk-psykologisk teneste (PP-tenesta) Departementet skal sørgje for at det blir utarbeidd lærebøker og andre læremiddel for spesialundervisning.

Søknadsprosess

Rettleiing

Du eller foreldra dine kan krevje at skulen gjer dei nødvendige undersøkingane for å finne ut om du treng spesialundervisning og kva for opplæring du eventuelt treng.

Handsaming

Før PP-tjenesten gjer ei sakkunnig vurdering og kommunen gjer vedtak, skal det innhentast samtykke frå deg eller foreldra dine. Du eller foreldra dine har rett til å sjå den sakkunnige vurderinga og til å uttale dykk før det blir gjort vedtak. Et positivt vedtak skal spesifisere omfanget, innhaldet og organiseringa av spesialundervisninga.

Klagemuligheit

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det.

Lover og retningsliner

Tjeneste - info 
Web Redaktør Sist oppdatert 19.05.2010 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Rediger 
Uten navn [4]