Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerTenester til deg > Helse og omsorg > Funksjonshemma Gå til hovedinnhold
Tenestebeskriving 

Brukarstyrt personleg assistanse (BPA)

Tenesta omfattar praktisk og personleg hjelp i dagleglivet for funksjonshemma. Innafor dei timerammene som vedtaket i kommunen gir, kan du i prinsippet styre kven du vil ha som hjelpar(ar), kva assistenten(-ane) skal gjere, og kor og til kva for tider hjelpa skal givast. Målet er at du skal ha eit mest mogleg aktivt liv trass i sterk funksjonshemming.

Omtale av tenesta

Målgruppe

  • Funksjonshemma med eit samansett og omfattande behov for tenester og som er i stand til å rettleie assistenten (ta arbeidsleiarrolla).
  • Personar som ikkje kan ta vare på denne rolla sjølv, som personar med psykisk utviklingshemming
  • Familiar med barn med nedsett funksjonsevne.

Kriterium

Personar som ikkje kan dra omsorg for seg sjølv, eller som er heilt avhengig av praktisk eller personleg hjelp for å greie gjeremåla i dagleglivet.

Søknadsprosess

Rettleiing

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om personleg assistanse, eller du kan be andre hjelpe deg dersom du har behov for det. Dersom ein annan søkjer på dine vegne, må vedkommande ha fullmakt.

Vedlegg

Du må leggje ved fullmakt dersom det er nokon som søkjer for deg.

Handsaming

Før saka kan bli avgjort, vil vi kartleggje ønska og behova dine nærmare. Normalt vil vi kome på heimebesøk. Deretter blir det gjort eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar.

Klagemuligheit

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje dette. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt til dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det.

Lover og retningsliner

Tjeneste - info 
Web Redaktør Sist oppdatert 30.03.2012 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Rediger 
Uten navn [4]