Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblinger Gå til hovedinnhold
Tenestebeskriving 

Sykkylven Kulturskule

Besøk Kulturskulen si heimeside www.sykkylvenkulturskule.no

Omtale av tenesta

Målgruppe

Tilbodet er i prinsippet ope for alle innbyggjarane i kommunen, men barn og unge mellom 6 – 18 år er hovudmålgruppa.

Av 180 elevar skuleåret 2009/2010, er 85% i grunnskulealder, 10% i vidaregåande skulealder og ca. 5% over vidaregåande skulealder.

Kriterium

Søknadar om opptak i kommunale kulturskular skal handsamast etter vanlege forvaltningsrettslege reglar, som mellom anna vernar mot usakleg ulik handsaming.

I elevreglementet for kulturskulen er det skissert reglar og tidsfristar for opptak og utmelding.

Det kan verte venteliste på einskilde instrument/kulturtilbod. Den som har søkt eit eller fleire år tidlegare og stått på venteliste, vil ha fortrinnsrett framfor ein ny søkjar.


Pris

Satsar pr. semester (skuleåret 2011/2012)
Individuell undervisning kr

1.200

Gruppeundervisning "teikning/maling" kr

1.200

Gruppeundervisning aspirantopplæring kr

1.100

Gruppeundervisning "grunnleggjande musikkteori" kr

1.100

Instrumentleige (el. piano/fiolin/gitar) - for heile skuleåret kr

500

Noteutgifter - pr. skuleår ca kr 200 - 400
Materialutgifter (bildefag) - pr. skuleår ca kr

400


Musikk- og kulturskulen gjev søskenmoderasjon slik; For første barn i familien ; Full pris.
For 2. evnt. 3. elev i same familien; 25% moderasjon av høgste sats.
NB Ein elev som har fleire undervisningstilbod får ikkje moderasjon.

Brosjyre

Infobrosjyre - Musikk/kulturskulen
Stadfesting av elevplass - svarskjema

Samarbeidspartnarar

Norsk kulturskoleråd, sjå lenke over.

Kontaktinformasjon

Namn

Kulturskulen

Adresse

Rådhuset, Kyrkjevegen 62, 6230 Sykkylven

E-post

kulturskulen@sykkylven.kommune.no

Besøksadresse

Kyrkjevegen 2,

Ansvarleg eining

Kultureininga

Søknadsprosess

Rettleiing

Frå 2010 skal det berre nyttast elektronisk søknadsskjema som du finn du HER
Når du trykker send, vert søknaden registrert, og du får ei stadfesting på at søknaden er motteken i god tid før skulestart.
Foreldre/føresette stadfester ved signert svarslipp at vilkåra for deltaking er akseptert. Rektor er ansvarleg for opptaket.


Lover og retningsliner

Lover

Opplæringslova av 9. juni 1998 § 13 – 6 ”Alle kommuner skal aleine eller i samarbeid med andre kommuner ha eit musikk/kulturskuletilbod til barn og unge, organisert i tilknytning til skuleverket og kulturlivet elles”.

Retningsliner for opptak og deltaking er skissert i elevreglement for Sykkylven kommunale musikk- og kulturskule. Søknadsskjema og elevreglement kan du få ved å vende deg til Servicetorget eller Kulturavdelinga og på kommunen si nettside..
Tjeneste - info 
Erlend Eide Sist oppdatert 21.11.2016 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Rediger 
Uten navn [4]