Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerTenester til deg > Oppvekst og opplæring Gå til hovedinnhold
Tenestebeskriving 

Skulestart

Utgangspunktet er at born startar i grunnskulen det kalenderåret dei fyller seks år. Du kan søkje om utsett eller tidlegare skolestart for barnet ditt. Utsett skulestart tyder at barnet startar i skulen det kalenderåret det fyller sju år. Tidlegare skulestart tyder at barnet startar på skulen det kalenderåret barnet fyller fem år.

Omtale av tenesta

Målgruppe

Føresette med born i skulepliktig alder

Kriterium

Eleven har rett til utsett skulestart dersom det etter sakkunnig vurdering frå pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) er tvil om barnet har komme langt nok i utviklinga si til å starte på skulen. For å få tidlegare skulestart må barnet fylle fem år innan 1. april. Det må liggje føre ei sakkyndig vurdering frå PPT.

Søknadsprosess

Rettleiing

Du kan ta kontakt med kommunen for å få hjelp til å søkje om tidlegare eller utsett skulestart.

Vedlegg

Sakkunnig vurdering

Handsaming

For tidlegare og utsett skulestart: PP-tenesta vurderer utviklingsstatusen for barnet. PPT gjev råd til kommunen, som gjer vedtak.

Klagemuligheit

Får du avslag på søknaden, kan du klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til endre det.

Lover og retningsliner

Tjeneste - info 
Web Redaktør Sist oppdatert 04.05.2010 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Rediger 
IkonRelaterte dokumenter 
Uten navn [4]