Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerTenester til deg > Oppvekst og opplæring Gå til hovedinnhold
Tenestebeskriving 

Grunnskuleopplæring for vaksne

Du som er over opplæringspliktig alder og som treng grunnskuleopplæring, har rett til slik opplæring. Opplæringa gjeld vanlegvis dei faga du treng for å få vitnemål for fullført grunnskule for vaksne. Opplæringa skal tilpassast behovet ditt; det gjeld både omfang, lengd og tidspunkt for undervisninga. Som hovudregel skal det brukast komprimerte løp. Vaksne skal ikkje plasserast i ordinære klassar saman med barn og unge.

Omtale av tenesta

Målgruppe

Du som er over opplæringspliktig alder og som treng grunnskuleopplæring.

Kriterium

Du må vere over opplæringspliktig alder og ha behov for grunnskuleopplæring. Ungdom som har fullført grunnskulen (og som har rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1) har ikkje rett til grunnskuleopplæring for vaksne.

Pris

Opplæringa og undervisningsmateriellet er gratis.

Kontaktinformasjon

Søknadsprosess

Rettleiing

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om grunnskuleopplæring for vaksne.

Handsaming

Det vil bli gjort eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tenesta eller ikkje. Vedtaket vil også spesifisere kva tenesta omfattar.

Klagemuligheit

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du har motteke vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det.

Lover og retningsliner

Lover

Opplæringslova § 4A-1 Ot.prp. nr. 44 (1999-2000) om endringar i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskulen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) m.m.
Tjeneste - info 
Web Redaktør Sist oppdatert 01.06.2010 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Rediger 
Uten navn [4]