Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerTenester til deg > Oppvekst og opplæring Gå til hovedinnhold
Tenestebeskriving 

Permisjon frå grunnskuleopplæring

Elevar kan få permisjon frå grunnskuleopplæringa i inntil to veker. Skulen vil vurdere om det er forsvarleg å gje permisjon. Det er ikkje tillate å gje permisjon ut over to veker om gongen.

Elevar som høyrer til eit trudomssamfunn utanfor Den norske kyrkja, har rett til permisjon på trudomssamfunnet sine helgedagar. Foreldra må sørgje for nødvendig undervisning i permisjonstida slik at eleven kan følgje med i den allmenne undervisninga etter at permisjonstida er ute.

Omtale av tenesta

Målgruppe

  • Alle elevar som søkjer permisjon frå opplæringa
  • Elevar som høyrer til eit trudomssamfunn utanfor Den norske kyrkja, og deira pårørande

Kriterium

  • Skulen vil vurdere om permisjonen er forsvarleg. Det er ikkje noko absolutt krav om at foreldra sørgjer for opplæring i permisjonstida. Det er ikkje tillate å gje permisjon ut over to veker.
  • Foreldra til elevar som har rett til permisjon fordi trudomssamfunnet dei tilhøyrer har helgedagar, må sørgje for nødvendig undervisning i permisjonstida slik at eleven kan følgje med i den allmenne undervisninga etter at permisjonstida er ute.

Søknadsprosess

Rettleiing

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om permisjon.

Søknadsfrist

Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

Handsaming

Når kommunen tar stilling til ein permisjonssøknad, er det eit enkeltvedtak.

Klagemuligheit

Dersom kommunen avslår søknaden, kan du klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klagen sender du til den instansen som gjorde vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det.

Lover og retningsliner

Tjeneste - info 
Web Redaktør Sist oppdatert 30.04.2012 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Rediger 
Uten navn [4]