Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerTenester til deg > Oppvekst og opplæring Gå til hovedinnhold
Tenestebeskriving 

PP-tenesta - tilvising

Den pedagogisk-psykologiske tenesta (PPT) skal sørgje for at det blir utarbeidd ei sakkunnig vurdering der lova krev det. Dette gjeld først og fremst vurdering om behov for spesialpedagogiske tiltak for barn i førskulealder, elevar i grunnskulen, vidaregåande skular og i vaksenopplæring på grunnskulen sitt område.

Opplæringslova krev også sakkunnig vurdering i ein del andre tilfelle, mellom anna

  • tidlegare eller utsett skulestart
  • fritak frå opplæringsplikta
  • teiknspråkopplæring
  • punktskriftopplæring for blinde og sterkt svaksynte elevar
  • søknad om inntil to års ekstra vidaregåande opplæring
  • søknad om inntak på særskilt valt utdanningsprogram på vidaregåande trinn 1

Omtale av tenesta

Målgruppe

Barn, ungdom og elevar som ikkje har eller ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet.

Kriterium

Du har ikkje eller kan ikkje få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet.

Kontaktinformasjon

Namn

PP-tenesten

Adresse

Helsesenteret, Haugneset 20, 6230 Sykkylven

Tlf

70 24 65 00

Besøksadresse

Helsesenteret, Haugneset 20, 2. etg., 6230 Sykkylven

Søknadsprosess

Rettleiing

Barn/elevar under 15 år blir tilvist av føresette sjølve eller i samråd med barnehage/skule/helsestasjon. Unge over 15 år kan ta initiativ til tilvising sjølv, eventuelt i samarbeid med skulen.

Skjema

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp med tilvisinga.

Søknadsfrist

Tilvisingar blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

Handsaming

Uttalen frå PPT er eit ledd i saksførebuinga før det blir gjort vedtak om spesialundervisning o.a.

Merknader

Når barn i grunnskulen får spesialpedagogisk hjelp / spesialundervisning utanfor bustadkommunen etter avtale, og når barn blir plasserte av barnevernstenesta utanfor bustadkommunen, vil PPT i vertskommunen ha ansvaret for at det blir utarbeidd sakkunnig vurdering. Sjå forskrift til opplæringslova § 18-1.

Lover og retningsliner

Tjeneste - info 
Web Redaktør Sist oppdatert 08.04.2010 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Rediger 
Uten navn [4]