Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerTenester til deg > Oppvekst og opplæring Gå til hovedinnhold
Tenestebeskriving 

Leksehjelp i grunnskulen

Elevar på 1.– 4. årstrinn har rett til leksehjelp. Leksehjelpa skal gje elevane hjelp med skulearbeidet, og reknast ikkje som ein del av opplæringa. Det er frivillig om ein vil delta, men kommunen pliktar å tilby leksehjelp. Kommunen skal sørgje for at elevane i leksehjelpa har eit forsvarleg tilsyn og at det psykososiale miljøet er godt.

Føremålet med leksehjelpa er å gje elevane opplevinga av å meistre skulearbeidet og å jamne ut sosiale skildnader.

 

Omtale av tenesta

Kriterium

  • Det skal tilbydast totalt åtte timar leksehjelp per veke på 1.–4. årstrinn
  • Kvart årstrinn skal minimum ha éin time leksehjelp per veke
  • Tilbodet kan ikkje avgrensast til elevar som har ekstra behov for opplæring
  • Det er ikkje noko krav om at leksehjelparane skal ha pedagogisk kompetanse
  • Elevgruppa skal ikkje vere større enn at kvar elev blir følgd opp individuelt

Det er kommunen som avgjer korleis leksehjelpa skal organiserast. Kven skal tilby leksehjelpa? Skal leksehjelpa organiserast som ein del av skulen, skulefritidsordninga eller andre alternativ? Kommunen kan velje å tilby fleire timar enn det lovpålagte timetalet og avgjere korleis fordelinga av timane skal vere mellom klassetrinna.

Pris

Tenesta er gratis.

Søknadsprosess

Klagemuligheit

Elevar og foreldre kan be om tiltak som gjeld det psykososiale miljøet. Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom vedtak ikkje er gjort innan rimeleg tid, kan du likevel klage som om det er gjort vedtak.

Lover og retningsliner

Tjeneste - info 
Web Redaktør Sist oppdatert 25.11.2010 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Rediger 
Uten navn [4]