Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblinger Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Informasjon om eigedomsskatt

I budsjettvedtaket for år 2016, (Sak 66/15) vedtok Sykkylven kommunestyre å skrive ut eigedomsskatt på bustader og fritidsbustader også i år 2016.

Skatten vert skrive ut med 2 promille av formuesverdi eller takst. Det er ikkje vedteke botnfrådrag.

Det er vedteke å bruke Skatteetatens likningsverdi/formuesgrunnlag der dette finns.

Bustader med Likningsverdi/Formuesgrunnlag.

Flestalle bustader har av Skatteetaten fått fastsett likningsverdi og formuesgrunnlag. Verdien er eit anslag på bustadens marknadsverdi, rekna ut frå bustadens areal, byggeår, bustadtype, plassering og opplysningar om omsette bustader i kommunen.

Likningsverdien er ein kalkulert verdi med utgangspunkt i bustadverdien (marknadsverdien). Likningsverdien for ein primærbustad er om lag 25 prosent av formuesgrunnlaget. Denne verdien finn du i tilsendt sjølvmelding dersom bustaden din har fastsett likningsverdi/formuesgrunnlag.

Primærbustad er ein bustad ein eig og bur i sjølv.

Utrekning av eigedomsskatt for dei med formuesgrunnlag.

For å rekne ut eigedomsskattebeløpet har kommunen tatt utgangspunkt i Skatteetatens bustadverdi. For år 2016 vert eigedomsskatt skrive ut med bakgrunn i likningsverdiar år 2014 (Siste likning)

Kommunane skal ved eigedomsskatteutskriving redusere bustadverdien (Formuesgrunnlaget) ved å multiplisere han med 0,8.

Døme på utrekning:

Likningsverdi i sjølvmelding år 2014

Kr 500 000

Bustadverdi (formuesgrunnlag): kr 500 000 x 4

Kr 2 000 000

Grunnlag for eigedomsskatt: kr 2 000 000 x 0,8

Kr 1 600 000

Berekna eigedomsskatt 2016: Kr 1 600 00 x 2 0/00

Kr 3 200

Klage for dei som har fått fastsett skattegrunnlag/skatt ut frå formuesgrunnlag frå Skatteetaten.

Her er Skatteetaten klageinstans, ikkje kommunen. Sjå tilsendt skattesetel for adresse og telefonnummer.

Bustader utan formuesgrunnlag/Fritidsbustader

Dette gjeld i regelen bustad på landbrukseigedomar, fritidsbustader og bustader som av ein eller annan grunn ikkje har fått fastsett bustadverdi (formuesgrunnlag) frå Skatteetaten.

Taksten er basert på fakta om eigedomen din, ulike bygningstypar og areal er gitt ulike prisar. Det vert utvendig synfaring av alle eigedomar. Det vert teke skjønnsmessig vurdering av bygninga sin tilstand, standard og kvalitet. På oppmoding vert det gjeve ei stutt grunngjeving for taksten.

«Verdet av eigedomen skal setjast til det beløp ein må gå ut frå at eigedomen etter si innretning, brukseigenskap og lokalisering kan bli avhenda for under vanlege salstilhøve ved fritt sal (Eigedomsskattelova § 8 A-2).

Taksten på eigedomen gjeld til neste taksering. Vanlegvis skjer dette etter 10 år. Det er sakkunnig nemnd som fastset takstane.

Klage for dei som har fått fastsett skattegrunnlag/skatt ved takst.

Meiner du eigedomsskatten er feil, kan du klage på denne.

Lov om eigedomsskatt § 19:

«Skatteytaren kan klage på den utskrivne eigedomsskatten. Klaga må gjevast inn skriftleg til eigedomsskattekontoret innan seks veker frå det seinaste tidspunktet av den dagen det vert kunngjort at eigedomsskattelista var utlagd eller dagen skattesetelen var sendt i samsvar med § 14. Klage over verdet kan bli fremja kvart år i samband med den årlege utskrivinga av eigedomsskatt, dersom det ikkje er klage på same grunnlag tidlegare år»

Klaga skal vere skriftleg:

Klaga må vere tydeleg merka med namn, gards- og bruksnummer, ev. feste- og seksjonsnummer. Alle vedlegg må merkast tydeleg.

Grunnlaget for klaga må dokumenterast. Gjeld klaga feil faktum, skal det leggast fram godkjende målsette teikningar, takstrapport frå eigedomsmeklar, godkjent takstmann eller liknande. Alle klager som gjeld feil faktum vert vurderte av kommunen sine fageiningar.

Klagar du på verdsetjingsprinsipp, som vurderingsfaktor indre og ytre, må dette gå klart fram og grunngjevast i klaga.

Sakshandsaming

Alle klager som er sette fram innan fristen, vert behandla på nytt av sakkunnig nemnd. Klagene vert behandla ut frå Sykkylven kommune sine eigedomsskattevedtekter §§ 5.3-5.5:

§ 5-3 Klage over vedtak gjorde av eigedomsskattekontoret:

Gjeld klagen eit vedtak (utskrivingsvedtak) som er gjort av eigedomsskattekontoret i første instans (td utrekning av skatten, tildeling av ev. botnfrådrag), kan eigedomsskattekontoret handsame saka og oppheve eller endre vedtaket dersom det finn at klaga er grunngjeve.

Finn eigedomsskattekontoret ikkje grunn til å gi klagar medhald, skal dokumenta i saka utan opphald sendast til klagenemnda.

§ 5-4 Klage over vedtak gjort av sakkunnig nemnd:

Ved klage over vedtak (takstvedtak) gjorde av den sakkunnige nemnda, sender eigedomsskattekontoret dokumenta i saka til sakkunnig nemnd (underinstansen).

Sakkunnig nemnd kan endre taksten til gunst for skattytar dersom nemnda finn at kravet er grunngjeve. I motsett fall vert klaga sendt vidare til klagenemnda.

Alle klager som er sette fram innan fristen, vert behandla på nytt av sakkunnig nemnd. Vert klaga teken til følgje, vert taksten endra. Dersom ikkje, går klaga automatisk vidare til sakkunnig klagenemnd. Klagenemnda kan prøve alle sider ved taksten, og kan også endre taksten i disfavør av skatteytar. Dette vedtaket er endeleg, og kan berre prøvast rettsleg.

Forfall for eigedomsskatten.

Skattesetel skal sendast ut før 1. mars i år.

Eigedomsskatten forfell til betaling i to terminar. På tilsendt skattesetel vil totalbeløpet vere oppgitt. For år 2016 er forfall eigedomsskatt 15. juni og 15. november. Krav/innbetalingskort vert sendt ut om lag ein månad før forfall. Vi oppmodar alle om å bruke KID ved innbetaling. Dette lettar arbeidet for oss, og reduserer risikoen for at du ved ein feil mottek purring for ikkje å ha betalt. Du har også høve til å nytte eFaktura og Avtalegiro. Dette kan du opprette i nettbanken din.

Info 
Web Redaktør 25.02.2016 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]